Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Alver kommune er i gang med rydding langs nokre av dei kommunale vegane i Alversund.
Det er ein flittig gjeng som driv på frå tidleg morgon. Med arbeidslys, traktor, vinsj, gravemaskin og motorsag går dei til verks. Vegen vert gjerne stengd i korte periodar, men dei er flinke til å tilpassa seg behov.
Om dei ikkje alltid får skryt av arbeidet dei gjer, så ynskjer me som bur langs Kvamsvegen å gje dei tommelen opp for innsatsen deira.
Stå på karar!

Les også