Tom båt gjekk i ring i stor fart: Har gjort funn av person i sjøen etter stor leiteaksjon

Dykkarar og store redningsmannskap vart sett inn etter at ein tom båt blei funnen køyrande i ring i høg hastigheit. Etter to og ein halv time blei ein person funnen.

DEL

(BA): Hovedredningssentralen blei varsla klokka 1725.

– Vi har sett i gang ein leiteaksjon etter ein eller fleire personar som kan ha falle over bord, sa Børge Galta, redningsleiar i Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, til BA.

Klokka 19.00 var det ikkje gjort funn, og store styrkar heldt fram søket, opplyste HRS.

Båtar tilhøyrande Redningsselskapet og Røde Kors var i sjøen rett sør for Hisarøyna, sørvest for Eivindvik i Gulen kommune, ifølge MarineTraffic.

Fann person i sjøen

Klokken 20.04 opplyste Hovudredningssentralen i Sør-Norge (HRS) at det var gjort funn av ein person i sjøen.

– Personen blei funnen i nærleiken av Kjeøyna, seier redningsleiar Oddgeir Andersen ved HRS til BA.

Helsetilstanden var ukjent då vedkommande blei flydd i helikopter til Haukeland sjukehus.

Båtar tilhøyrande Redningsselskapet, brannvesenet, marinen og Røde Kors deltok i søket, som foreggjekk sørvest for Eivindvik.

Brannvesenet rykte ut frå stasjonen i Eivindvik og Byrknes, og bidrog med tre båtar. Også dykkarar frå Bergen blie sendt til Gulafjorden.

Tom båt

Det blei slått alarm då ein tom båt blei observert køyrande i ring i høg hastigheit i Sognefjorden.

Ifølge TV 2 vart den aktuelle båten oppdaga ved innløpet til Sognefjorden.

Politiet har ein patrulje i Eivindvik, og det var politiet som hadde ansvar for etterretning i aksjonen.

Redningsskøyta Utvær, som er stasjonert på Mongstad, var på plass like før klokka 19.30. Dei var tre mann om bord.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken