BA: Etter å ha budd i Noreg i 18 år, vart Sirwan Muhammed Abdullah (39) henta av politiet og plassert på Trandum fordi han manglar opphaldsløyve.

Heime i Austrheim må kjærasten Bjørg Waage og deira to små born på ni månader og tre år klara seg utan han. Laurdag stilte dei alle tre opp på Torgallmenningen og protesterte mot ordren om utkasting.

Det same gjorde fleire titals andre.

Nytt rettsmøte

Avisa Nordhordland omtalte først saka i april. NH møtte familien same dag som sivilt politi hadde komme på døra til familieheimen i Austrheim.

Der var ikkje Abdullah å finna, fordi han var på asylmottaket i Florø, ifølge Waage.

Same dag vart han henta og sendt til Trandum, fortalde kjærasten.

– At så mange kom er heilt fantastisk. Eg talte rundt 80 frammøtte, seier ho til BA etter markeringa i Bergen sentrum.

Ho og barna legg bak seg ein dag med mange inntrykk, og er i bilen på veg heim til Austrheim då BA snakkar med dei på telefon.

Protesten i sentrum skjer knappe to veker før Abdullah skal i nytt rettsmøte i Oslo.

– Eg må jo berre håpa at UNE (Utlendingsnemnda red. anm.) forstår at han ikkje kan reisa heim, seier Waage, som fortel at ho får snakka med Abdullah dagleg, men berre i ein avgrensa tid per veke.

Borna saknar faren. Spesielt eldstemann gjev uttrykk for dette, ifølge Waage, som fortalde NH om ein krevjande situasjon på heimebane.

Treåringen deira treng medisin og behandling to gongar dagleg.

– No er eg åleine om alt.

– Det er forferdeleg, seier Waage om den nye kvardagen.

Ho møtte Abdullah, som er kurdar frå Irak, i 2017. Allereie då hadde han fått endeleg avslag på opphaldsløyve i Noreg. Ifølge Waage er det for farleg for han å reisa tilbake til heimlandet.

Vert Abdullah sendt ut, får han truleg karantenetid på to år i heimlandet før han kan søka om familiegjenforeining. Då er vanleg behandlingstid rundt 1,5 år.

– Umenneskeleg

På Torgallmenningen møtte blant anna ei rekke politikarar opp. Med alvorlege blikk stod tilskodarar og nikka, medan kraftfulle appellar vart presenterte gjennom høgtalarane. På talarlista stod politikarar frå både Raudt, SV, SP, Venstre, MDG og Partiet Sentrum.

Nokre hadde òg møtt opp med faner og flagg for å støtta 39-åringen.

– Det er godt med eit tverrpolitisk engasjement, seier initiativtakar Marianne Sæhle i SV, og legg til at og Høgre, Ap og KrF ville vera til stades, men vart hindra grunna andre arrangement.

Ketil Hindenes frå «Mennesker i limbo», som kjemper for å betra papirlause sin situasjon i Noreg, stod og på talarlista.

Initiativtakar Sæhle fortel at ho har vore engasjert i slike saker i mange år.

– Eg er trist og sint over at me vart nøydde til å arrangera nok ei støttemarkering, seier ho til BA.

– Eg trudde me var einige om at det gjekk ei grense for kor lang tid styresmaktene har på å gje eit avslag.

Abdullah fekk nemleg avslag på sin søknad om opphaldsløyve for fem år sidan, etter å ha budd i Noreg i 13 år.

– Det er heilt umenneskeleg å la nokon sitja på vent i 18 år, meiner Sæhle, som legg til:

– Me er håpefulle!

Òg Waage ber Stortinget gjera endringar for dei papirlause flyktningane.

– Dei må få lov til å byrja eit liv, seier ho til BA.

I samband med den førre saka avisa skreiv om familien, var Nordhordland i kontakt med Politiets utlendingseining.

Dei kunne ikkje kommentera den enkelte saka på grunn av teieplikt, men svarte på generelt grunnlag at alle som får endeleg avslag på asylsøknaden sin, pliktar til å reisa frå Noreg og Schengen-området på eiga hand innan ein gitt frist.

På spørsmål om kor lenge personar kan verta verande på utlendingsinternat, var svaret at perioden som hovudregel ikkje kan overstiga fire veker, men at det og kan vera kortare.