Gå til sidens hovedinnhold

To tunnelar stengd på kort tid på E39

Eikefet- og Hordviktunnelane blei stengd onsdag ettermiddag.

Statens vegvesen melder på Twitter om to tunnelar på E39 som har blitt stengd rett etter kvarandre.

Eikefettunnelen blei stengd i ei kort periode. Grunnen er reparering av elektrofeil.

Klokka 17:34 melder vegvesenet at tunnelen er opna igjen.

Stans i vegbanen

Når det gjeld Hordviktunnelen i Bergen er stenginga meir langvarig.

– Stengd på grunn av køyretøy med stans i vegbanen, skriv Statens vegvesen i Twittermeldinga.

Klokka 17:40 skal politiet vere framme på staden og dirigere trafikken manuelt.

– Ventar på bilbergar, skriv vegvesenet.

Kommentarer til denne saken