Alver kommune opplyser tysdag at to nye personar er bekrefta smitta med korona i Alver.

Smittevegen skal vere kjent for begge personane.

Til no har 75 personar fått påvist smitte i kommunen.

42 av desse tilfella har blitt påviste den siste månaden, sidan 7. oktober.

Dette er smittevernstiltaka no

I Alver er det no smittevernstiltak som gjeld til 26. november. Desse inneber følgjande:

  • Ikkje fleire enn fem gjestar heime, i tillegg til dei du bur med. Dette er også i samsvar med dei nasjonale råda regjeringa har kome med.
  • Maks 50 deltakarar på offentlege arrangement utan fast sitjeplass og maks 200 på arrangement med fast sitjeplass.
  • Serveringsstader slepp ikkje inn gjester etter 24, og serverer heller ikkje brennevin etter dette tidspunktet.
  • Serveringsstader skal ha system for registrering av gjester.
  • Lyden på utestader og serveringsstader skal vere låg nok til at gjestane kan prate med kvarandre med ein meters avstand.
  • Innbyggjarar som er avhengige av kollektivtransport skal ha heimekontor der det er praktisk mogleg og hensiktsmessig.
  • På kollektivtransport til og frå Bergen, skal ein bruke munnbind om ein ikkje kan halde ein meters avstand.
  • I Bergen må ein følgje Bergen sine påbod, som no inkluderer påbod om å bruke munnbind på kollektivtransport og offentlege stader innandørs, der ein ikkje kan halde ein meters avstand.

Kilde: Alver kommune