Måndag 12. oktober fekk Alver kommune melding om at to nye personar har testa positivt for viruset.

Personane sine nærkontaktar er kartlagde, og kommunen kjenner til smittevegen hos begge tilfella.

Det melder dei i ei pressemelding tysdag.

– Ingen av dei er knytt til skular, barnehagar, sjukeheimar eller andre av kommunen sine tenester.

Til no har det totalt vore 38 registrerte koronatilfelle i Alver kommune.