Fredag klokka 10:27 rykte alle naudetatane ut til ei trafikkulykke på Ådlandsvegen i Alver kommune.

– Vi har fått inn melding om at to bilar skal ha kollidert. Mest sannsynleg påkøyrsle bakfrå, sa operasjonsleiar Stine Mjelde til NH.

Klokka 10:35 var politipatruljen og brannvesenet framme.

Kolliderte i Fossekrysset

Kollisjonen skjedde i krysset mellom Ådlandsvegen og Rosslandsvegen, også kalla Fossekrysset.

Det er uvisst kor mange personar som var involverte i ulykka.

– Ingen er fastklemde. Ambulanse er komme fram og skal snakke med dei involverte, sa Mjelde.

Inndrog førarkortet

Etter naudetatane var ferdige på staden, kunne politiinspektør i Nordhordland, Kjell-Idar Vangberg, fortelje at ein av førarane blei mellombels fråtatt førarkortet som følge av ulykka.

– Dette var ei påkøyrsle bakfrå. Føraren har ikkje stoppa for bilen foran som skulle av vegen, og var ikkje aktsam nok. Vi tek difor mellombels beslag i førarkortet.

Den aktuelle føraren blei køyrd til legevakta for sjekk, men fremstod ikkje alvorleg skadd.

Der blei vedkommande også avhøyrd av politiet.

Lekkasje frå varebil

Eitt felt blei stengd etter ulykka.

Avisa sin journalist på staden fortel om mykje kø på staden, heilt frå rundkøyringa på Flatøy og innover mot Frekhaug.

– Begge bilane har behov for bilberging. Det blir ein del kø, sa Mjelde.

Innsatsleiar i brannvesenet, Stein Ove Valdersnes, kunne fortelje reporter på staden at det lak kjøleveske frå den eine bilen. Det var inga olje- eller drivstofflekkasje.

– No held vi på å rydde opp i vegbana. Vi forsøker å få bilbergar til staden så fort som mogleg.

Valdersnes kunne ikkje seie noko om tilstanden til dei involverte, men på ulykkesstaden kunne ein sjå at sjåførane var oppegåande.

Klokka 10:53 drog ambulansen frå staden.

Fri ferdsel

Ein varebil som var involvert i ulykka blokkerte tidlegare det eine feltet på Ådlandsvegen.

Brannvesenet taua bort varebilen, og trafikken byrja å flyte igjen rett etter klokka 11:00. Den andre involverte bilen står i ei busslomme.