Til minne om Kari Medaas

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.MINNEORD: Det var trist å få meldinga om at gode Kari Medaas er død, 81 år gamal.

Kari møtte Ivar i leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo, der ho dansa og han spelte fele. Dei gifta seg i Alversund i 1962. Ikkje lenge etterpå overtok Kari for Ellen Fredriksen i Vestlandsduoen.

Platene kom som perler på ei snor. Den tostemte songen til Kari og Ivar blei fort lagt merke til, ikkje minst av revykollega og plateprodusent Yngvar Numme, som på mange måtar var med på å utvikla den musikalske signaturen til Vestlandsduoen. Kari song den klokkeklare hovudstemma, medan Ivar vevde inn både over- og understemmer i same arrangement. Den måten å syngja på gjorde at Kari og Ivar fekk fram det humoristiske, og minst like ofte det vemodige, i tekstane.

Det heile starta med det vakre diktet om jonsokkvelden av Jakob Sande, som Ivar tonesette, til stor glede for diktaren sjølv. Ja, Jakob Sande gret av begeistring då Ivar og Kari song «Vesle Daniel» for han.

Avisa Nordhordland har skrive fleire saker om Kari Medaas sitt kattepensjonat i Alversund. Her frå besøk i 2007. Arkivfoto

Avisa Nordhordland har skrive fleire saker om Kari Medaas sitt kattepensjonat i Alversund. Her frå besøk i 2007. Arkivfoto

Den største hiten blei likevel songen «Ver du glad i den nasen du har», som låg tre veker på Norsktoppen i 1975. Låta var eigentleg tenkt til Salhuskvintetten, komponert av radarparet Josef G. Larssen og Monrad Holm Johnsen. Men då Salhuskvintetten gav seg same året, vart songen lagt fram for Kari og Ivar. 45 år seinare verkar det framsynt. Denne humoristiske visa om å verdsetja seg sjølv slik ein er, er ikkje blitt mindre aktuell med åra.

Kari skal ha sin del av æra for suksessen til Vestlandsduoen og Ivar Medaas. Det var Kari som kommanderte Ivar til å setja nynorsk tekst til «Last night I had the strangest dream», basert på Cornelis Vreeswijks «I natt jag drömde». På nynorsk blei den vakre balladen til «Draumen om fred».

Kari saman med Ivar har betydd mykje for norsk musikk, nynorsk og dialektbruk. Det er mange som har fått styrkt sjølvkjensla, takka vera innsatsen deira for norsk folkekultur.

Våre tankar går til næraste familie. Fred over Kari Medaas sitt minne.

Claus Sellevoll
For styret i Medaasprisen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken