Til minne om Bjarne Storheim

«I ordskifte var han lun og veltalande, og gjekk aldri til personangrep på andre. Var det nokon som bad om råd og hjelp, ja då var Bjarne klar til å hjelpe.» Dette skriv Arne Villanger i eit minneord om tidlegare Radøy-ordførar Bjarne Storheim på vegner av Alver Venstre.

«I ordskifte var han lun og veltalande, og gjekk aldri til personangrep på andre. Var det nokon som bad om råd og hjelp, ja då var Bjarne klar til å hjelpe.» Dette skriv Arne Villanger i eit minneord om tidlegare Radøy-ordførar Bjarne Storheim på vegner av Alver Venstre.

Av
DEL

MINNEORD: Det var ein trist bodskap å få at Bjarne Storheim døydde 30. mars 2020.

Han vaks opp på Storheim saman med mange sysken. Bjarne fekk seg tomt på heimegarden, og bygde seg hus der saman med kona si Margot. Han hadde arbeid i Bergen, og pendla fram og attende i heile si arbeidsaktive tid.

Bjarne var aktiv i politikken i Radøy. Han kom inn på ei bygdeliste frå Sæbø, og vart etter ei tid medlem i Radøy Venstre. Han var ein aktiv forkjempar for kulturarbeidet i kommunen. Han var òg med i vestmannalaget i mange år. Bjarne var flink til å ordleggje seg både skriftleg og munnleg, og hadde ei stor glede av å skrive dikt.

Dikta hans fekk ein gleda av når Radøy kommune hadde fest då 4 års periodar var over. Her kan me nemne soga om «Normann den Jordvise», der heile kommunestyret fekk sine titlar i sogestil, til stor applaus frå dei frammøtte. Han hadde mange oppgåver med å skrive til ulike samankomstar.

I politikken fekk han tildelt ymse oppgåver både i formannskapet og ikkje minst som ordførar. Han var òg medlem av ymse nemnder. I tida han var ordførar kom brua til Toska opp til drøfting, og vart då jobba fram. I politikken var Bjarne oppteken av saka, ikkje person.

I ordskifte var han lun og veltalande, og gjekk aldri til personangrep på andre. Var det nokon som bad om råd og hjelp, ja då var Bjarne klar til å hjelpe.

Venstre vil minnast han som ein sakleg, hjelpsam og romsleg person, samstundes som han tok sjølv liten plass. Våre tankar går til Margot og borna m/familie.

Me vil avslutte med eit av dikta som Bjarne skreiv.

Om urett!

Å lida urett er visleg ille, - det har nokon kvar fått røynt

Mange ber slikt med tol i det stille, -og held det for andre løynt.

Eg har eit ord til trøyst for slike, -for barnet, for kvinna og karen;

Den som urett gjær er utan like – mykje meir ille faren!


For Alver Venstre

Arne Villanger

Artikkeltags