Gå til sidens hovedinnhold

Til legevakt etter arbeidsulykke på Goman Bakeri

Artikkelen er over 1 år gammel

Ulykka skal ha skjedd onsdag kveld.

Onsdag kveld melde politiet på Twitter at dei rykka ut til ei arbeidsulykke i Lindås.

Kort tid etter blei det kjent at ein 40-år gamal mann skal ha skada seg.

- Arbeidar hjå Goman Bakeri fått skadar på ein tommel og ein pekefinger. Brakt til legevakt i Knarvik. Så langt ukjent hendingsforløp, skriv politiet på Twitter.

Litt seinare opplys dei om at det kun skal vere skade på pekefinger.

Dei skriv så at sak vil bli oppretta og at Arbeidstilsynet blir rutinemessig varsla.

Les også

Dana (49) mista armen på Goman Rognaldsen: – Eg føler framleis sinne

Les også

Endeleg full drift på bakeriet att: – Ventetida har vore veldig stressande

Kommentarer til denne saken