Du som har mista bosset ditt på veg til Kjevikdalen. Eg har rydda opp etter deg, sjølv om eg var på jobb og hadde betre ting å ta meg til. Ta gjerne kontakt med meg, så skal eg senda lenkjer til billege stropper, og kanskje gje deg nokre tips om lastesikring!

Eg ser mange som fartar rundt med Tysse-hengarane sine med laust boss bakpå. For den tynne hyssingen mange brukar er nemleg ikkje godt nok til å halde ting på plass, sjølv om det kanskje verkar slik når du har stramma. Når du har køyrt 15 meter bortover vegen har nemleg ting vibrert og flytta på seg, og hyssingen din er slakk.

Mange tenkjer kanskje at dei ikkje treng å stroppa, og trur ting ligg under toppen av karmane på hengaren. Men denne sekken var det berre litt papp oppi, så det bles utav lett som ingenting når du kjem opp i fart.

Som yrkessjåfør ser eg utruleg mykje rart langs vegane som folk har mista. Eg trur faktisk ikkje at det går ein einaste dag utan at eg ser stropper som ligg langs vegen. Og då snakkar eg ikkje om 5-tonns stropper, som me yrkessjåførar brukar, men desse små 500 kilos-stroppene som private brukar på Tysse-hengarane sine.

Eg har fleire gongar gått bort til personar eg har sett prøver å sikra trelasten sin, eller andre ting, når eg har vore og henta eller levert på byggevarebutikkar. Då har eg komme med tips til å sikra skikkeleg.

Kanskje det er på tide å fjerna 3500/750 kilos reglane for hengar, og krevja hengarlappen for å køyra alle typar hengarar, sjølv dei minste?

Tenk om denne sekken hadde lagt der i skumringa, litt utpå hausten og ein MC-førar ikkje hadde sett den …

Nei, dette er ikkje ein hissig utblåsing, men heller ein oppgitt puff i håp om at folk tenkjer seg om to gongar når dei skal ut og køyra og sikrar lasten skikkeleg.

Resultatet av at nokon mistar last, kan få katastrofale følger for andre.

Innlegget vart først publisert på Facebook.