Thea (14) døypt i historisk radiogudsteneste: – Veldig spesiell oppleving

For snart 15 år gamle Thea Skare vart dåpsdagen ei heilt spesiell oppleving. Dåpsseremonien skjedde under den radiosendte gudstenesta frå Knarvik kyrkje søndag, for ei så godt som tom kyrkje. Thea fekk berre ha med seg foreldra under sjølve dåpen. Etter dåpshandlinga tok dei plass i Kyrkjetorget, der stolar vart sett opp med god avstand.