Gå til sidens hovedinnhold

Telenor åtvarar mot falsk epostfaktura

Artikkelen er over 4 år gammel

Dei falske fakturaane er veldig profesjonelt laga og ser ut til å vere fra Telenor.

«Advarsel! Denne er ikke fra Telenor, men fra svindlere som vil ha info eller installere skadevare. Slett den eller rapporter som spam", skriv telegiganten i ein Twitter-melding der eit eksempel på ein av de falske epostane er vedlagt.

Dei falske fakturaane er veldig profesjonelt laga og ser ut til å vere frå Telenor. Avsendaren er epost@telnor.no, men fleire stader i epostane er det koplingar til teleselskapets eigne nettsider.

Undersøkingar Telenor har gjennomført, viser at det dreier seg om utpressingsepostar, såkalla ransomware. Dersom du klikkar på lenka i eposten og lastar ned programmet du blir beden om å laste ned, tar skadevara kontroll på dine data. I praksis betyr dette at dataene dine blir tatt som gissel, og du vil få beskjed om å betale svindlaren for å få dei tilbake.

Tidlegare i år har Telenor åtvara mot at datakriminelle  blir stadig proffare. Det er venta at profesjonaliseringa og talet på dataangrep vil auke i 2017.

– I 2016 så vi ei auka profesjonalisering av organisert datakriminalitet, og salet av avansert skadevare på ein grått/svart marknad er blitt til milliardbutikk, sa sikkerheitsdirektør Hanne Tangen Nilsen i Telenor til NTB i januar.

Kommentarer til denne saken