200 kundar mista internett i 12 timar

Artikkelen er over 2 år gammel

Nesten halve Fedje var utan internett i 12 timar.

DEL

Omtrent samtidig med jordskjelvet i Hordaland, forsvann breibandet i Fedje kommune. Det oppgav kommunen på sine heimesider.

– Vi hadde eit linjebrot med Telenor, og det påverka alle som hadde Telenor breiband og mobilnett. Her ute er det nesten berre Telenor som leverer dette, seier Bjarte Villanger, økonomi og IKT-ansvarleg.

Om lag 200 vart råka av linjebrotet i heile 12 timar. Villanger trur ikkje at det hadde noko samanheng med jordskjelvet.

– Natt til i går var nettet oppe igjen, og dei var kjapt ute med å feilsøkje problemet.

Villanger veit ikkje om kva slags konsekvensar dette fekk for folk eller for lokalbedrifter, men kommunen sjølv slapp billeg unna:

– Vi har eigen linje frå BKK. Men eg går ut frå at det fekk konsekvensar for fleire.

Artikkeltags