Gå til sidens hovedinnhold

Telenor ramma av store tekniske problem

Artikkelen er over 1 år gammel

Ei rekke av Telenors tenester har vore utilgjengelege sidan fredag. Feilen er lokalisert, men det er uvisst når den vil vere retta opp.

Sidan fredag morgon har Telenor.no, «Mine sider», betaling med SMS, kundeservice-nummer, nokon av Telenor-appene og e-post-tenesta online.no vore nede for teljing, ifølge VG. Telenor veit ikkje når problema vil vere fiksa.

– Eg kan ikkje sei anna enn at vi har funne eit feilområde, og at arbeidet held fram. Derfor kan vi ikkje anslå noko om når dette er løyst. Men vi har eigne tilsette og eksterne ressursar på plass som jobbar døgnet rundt, seier informasjonssjef Magnus Line i Telenor.

telenor.no kjem denne feilmeldinga opp: «Hei, Du har forsøkt å besøke Telenors nettside. Vi opplever for tida tekniske problem og jobbar iherdig med å løyse situasjonen. Takk for tolmodet».

Sjølv om Telenor ikkje veit nøyaktig kva feilen skuldast, utelukkast det at dei er utsett for hacking.

– Vi kan avkrefte at det er snakk om hacking eller annan vondsinna aktivitet, seier Line, som understrekar at det ikkje er problem med bredbånd og den generelle telefonen.

På Telenors Facebook-side klager derimot fleire frustrerte kundar over at dei har problem med blant anna breiband og TV-signal, skriv Aftenposten.

– Om nokon kundar opplever problem med breiband eller TV-signal, så har ikkje det nokon samanheng med den interne nettfeilen Telenor har no, seier informasjonssjefen.


(©NTB)

Kommentarer til denne saken