– Det er heilt genialt, altså!

SENSOR: Sigrid Nilsen viser fram korleis sensoren i senga ser ut. – Den registrerer når eg står opp, fortel ho.

SENSOR: Sigrid Nilsen viser fram korleis sensoren i senga ser ut. – Den registrerer når eg står opp, fortel ho.

Artikkelen er over 5 år gammel

Takka vera omsorgsteknologi kan Sigrid Nilsen (93) bu heime. – Det betyr mykje for sjølvkjensla å kunna klara seg sjølv.

DEL

Sigrid er sjeleglad for at ho får bu heime så lenge som mogleg Sidan 2013 har den spreke pensjonisten vore med på forskingsprosjektet til Lindås kommune, kor pleietrengande i kommunen nyttar ein ny teknologi for å kunna bu lengre heime.

– Eg har ein sensor i senga, som registrerer når eg reiser meg opp. Viss eg ikkje er tilbake innan ein halv time, vert det meldt ifrå til ein sentral, som koplar seg på over ein høgtalar og spør om eg har det bra, fortel Sigrid.

– Personen som pratar er alltid klar, tydeleg og vennleg. Uansett kor eg er i leiligheita høyrast stemma godt. Eg treng ikkje ein gong å ropa for at dei skal høyra meg, sjølv om høgtalaren er på soverommet, og eg på eit anna rom.

I tillegg har ho eit lys i gangen som automatisk skrur seg på når senga registrerer at ho står opp midt på natta.

– Det er heilt genialt, altså – for då slipp eg å famla meg fram i mørket.

– Føler meg trygg

Sigrid meiner omsorgstekno-logien gjer livet hennar betre.

– Åh, eg føler meg så trygg! Det er fantastisk at eg kan bu heime, og klara meg sjølv. Det betyr mykje for sjølvkjensla. Eg er ikkje typen til å vera isolert på ein sjukeheim, eg får så vondt av dei som berre sit inne, heilt åleine. Viss eg nokon gong hamnar på ein sjukeheim, håper eg at eg har vorte bevisstlaus, seier ho og ler hjarteleg.

LES OGSÅ: - Vi har vore som ein familie

– Det å bu heime gir meg friheita til å gjera det eg vil. Eg kan laga meg den maten eg sjølv vil ha, når eg vil. Viss eg får lyst på vaflar, ja då lagar eg vaflar, seier Sigrid, som liker å ta seg ein tur på senteret med rullatoren.

– Eg sit ikkje inne og sturer. Eg søker det sosiale, og synest det er så koseleg å treffa på gamle kjente.

Vil inspirera andre

Sigrid, som har 17 oldebarn og 7 barnebarn, håper ho kan ins- pirera andre til å nytta seg av omsorgsteknologi.

– Eg føler meg godt tatt vare på. Viss det skjer noko og eg trykker på alarmen, tar det ikkje lang tid før personen i den andre enden svarer. Eg har diverre falle fleire gonger, men det har aldri tatt lang tid før heimesjukepleia er på plass.

LES OGSÅ: Slik kan eldre sleppa å flytta på heim

Sigrid er ikkje berre glad for å ha dette tilbodet på eigne vegne.

– Barna mine vert også betrygga, no er dei ikkje redde for å forlata meg i min eigen heim, seier ho.

Prosjektet vidareført

Prosjektkoordinator for Lindåsprosjektet, Gro Helen Dyrdal Løvik, fortel at brukarane gir positive tilbakemeldingar.

– Veldig mange ønskjer å bu heime, og dette tilbodet gjer det mogleg. I tillegg aukar det tryggleiken for folk og gjer at ein kan fortsetja livet på eigne premissar, ta eigne val og kan ivareta livskvaliteten, seier ho.

LES OGSÅ: Her prøvar dei å lokka ungdommen til å jobba i kommunen

Prosjektet er ferdig til hausten, og det er vedtatt at omsorgsteknologien skal vidareførast til ordinær drift etter prosjektslutt.

– Det er veldig positivt at politikarane har sett kor bra dette er. Det er ein vinn-vinn situasjon for brukarane og kommunen, seier Gro Helen Dyrdal   Løvik.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken