Lokale app-gründerar hentar pengar i Silicon Walley: Vil erobra verda

STOR RESPONS: Det har vore veldig stor respons, med fleire tusen brukarar etter første veka, seier Rune Alver Nilsen, som saman med broren Frode og to andre har utvikla ein ny bildemeldingsapp.FOTO: Morten Sæle

STOR RESPONS: Det har vore veldig stor respons, med fleire tusen brukarar etter første veka, seier Rune Alver Nilsen, som saman med broren Frode og to andre har utvikla ein ny bildemeldingsapp.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

LINDÅS: – Draumen er å skapa noko som største delen av verda kjenner til, på linje med Facebook og Instagram.

DEL

Det seier app-gründer Rune Alver Nilsen frå Knarvik. Saman med broren Frode og to andre har han utvikla ein ny bildemeldings-app kalla «DeeMe» som dei håpar skal ta verda med storm. Etter eit år med planlegging og utvikling var det klart for lansering 28. mars.

– Det har vore veldig stor respons, med fleire tusen brukarar berre etter den første veka, seier Nilsen. I heile påska var dei i teknologiens høgborg «Silicon Valley» i Los Angeles for å snakka med potensielle investorar.

LES OGSÅ: No kan dei fleste sjekka sjølvmeldinga

Gode tilbakemeldingar

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar, og vi satsar på at vi kjem til einigheit med investorar ganske snart, seier Nilsen.

– Draumen vår er sjølvsagt at det skal ta av, og at vi kan jobba full tid med dette. Målet er å skapa noko som faktisk største delen av verda kjenner til, på linje med Facebook og Instagram, seier han.

– Vi har hatt eit ønske om å laga noko bra og brukarvennleg som kan få god vekst, og å skape noko eiga. No tar vi det steg for steg, det neste er å få med investorar. Det er spennande når vi har fått så gode tilbakemeldingar, seier Nilsen.

Dei fire danna gruppa gjennom jobb og kjenningar, og har hatt mange idear innan teknologi og teknologiutvikling.

– Vi har prøvd å finna på lure ting, og i den prosessen kom vi opp med «DeeMe», ein fotomeldingsapp. Det vi har brukt før har hatt manglar, vi tenkte at dette kunne vi gjera betre, seier Nilsen.

– Vi har tatt det beste frå mange ulike, og pakka det inn i ein fin og brukarvennleg pakke.

Utviklinga har pågått i eit år.

– Vi begynte på planleggingsstadiet. Vi har ein veldig flink designer med i teamet, og vi har heile tida sett for oss korleis appen skal vera, så har vi designa funksjoner og utsjånad ut frå det, seier han.

På sida av gruppa har dei hyra eit programmeringsteam som har jobba med å laga appen etter deira ønsker.

Å utvikla ein ny app er ikkje gratis, men dei fire har fått god hjelp på vegen frå Innovasjon Norge.

LES OGSÅ: Skal det være en øl-app?

Kostbart

– Det er kostbart å lage app, vi har vore så heldig å få maksimal støtte frå Innovasjon Norge. Til no har vi fått ein million kroner i støtte, med moglegheiter for få meir, seier han.

– Dei har tydelegvis tru på oss når dei opnar pengesekken, det er både motiverande og spennande.

Hovudmålgruppa for appen dei har utvikla er ungdom mellom 16 og 28 år, men dei vil ikkje ekskludera nokon.

– Denne aldersgruppa er dei som er mest ivrige på å sjekka ut og ta i bruk ny teknologi, forklarar Nilsen.

Dei fire har alt no mange planar for oppdateringar og forbetringar av produktet sitt.

LES OGSÅ: Melandsgjeng med høgprofilert Windows 8-app

Musikkdel

– Vi har mange spennande ting og tilleggsfunksjonar som kjem i oppdateringar utover heile året, ting ingen av konkurrentane våre tilbyr, lovar Nilsen. Han røper at utviding med ein musikkdel er noko av det dei jobbar med. Noko meir spesifikt vil han ikkje røpa enno av konkurransemessige omsyn.

– Vi utviklar ein musikkdel som kjem inn i appen etter kvart. Vi har samarbeid med ein del artistar allereie, og vi lagar no avtaler med ein del store kjende artistar, seier han.

– Torsdag slapp vi ei lita prøve på artistbiten med artisten «Matoma», som slapp ei ny låt eksklusivt gjennom «DeeMe» fem dagar før alle andre plattformer.

LES OGSÅ: Seier nei til mobbe- app

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken