Tekniske problem på Lavik-Oppedal - fleire avgangar kansellerte

DEL

Ferjesambandet Lavik-Oppedal har redusert kapasitet grunna tekniske problem, opplyser Vegtrafikksentralen vest.

Avgang frå Oppedal klokka 0830 og 0930, samt avgang frå Lavik klokka 0900 er kansellerte.

Klokka 0919 melder Vegtrafikksentralen at ferje B er innstilt og at forseinkingar på ferje A må påreknast.

Ligg midtfjords med motorstopp

Ifølgje Firda ligg ferja «MF Stord» midtfjords med motorstopp, og skal få slepehjelp av den andre ferja.

– Eg har ikkje tid å snakke no, vi blir slept på fjorden, seier kapetein som viser til Norled sentralt for meir informasjon.

Jan Marøy ved Vegtrafikksentralen seier at det framleis er tekniske problem klokka 11.10.

Det har ikkje danna seg noko særleg med kø ved ferjekaiene per no, opplyser han.

Framleis tekniske problem

Klokka 1300 er det framleis tekniske problem på ferjestrekninga Lavik-Oppedal.

Rute A og C er stilt inn inntil vidare, medan rute B går som normalt.

Artikkeltags