Ingen Kaptein Knurr til sommeren

Kaptein Knurr

Kaptein Knurr Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

...og kanskje var forrige sommar siste gang publikum fekk oppleve Kaptein Knurr i Gamle Bergen.

DEL

– Vi tener rett og slett ikkje pengar på å sette opp Kaptein Knurr, seier Irene Ahnéll til BA.

Vurderer til høsten

Sidan 2009 har teaterstykket om Kapteinen og Maremineheksen fått tusenar av barn og unge til Gamle Bergen. Historia om Maremineheksen og Kaptein Knurrs jakt på Poseidons perle har vore ein fast tradisjon for mange teatergåarar.

No kan det altså vere slutt.

– Vi har sett ned foten for forestillinga i sommar. Det blir ikkje Kaptein Knurr i år. Til hausten skal alle dei medverkande i teateroppsetninga møtast og vurdere om teaterstykket om Kaptein Knurr skal leggast ned for godt, seier dramatikaren bak teaterstykket.

LES OGSÅ: Oppfyller draumen i Kaptein Knurr: – Eit eventyr å få vera med på

Minusprosjekt

Kapteinens historier er Ahnélls baby. Ho har kjempa for å sette opp stykket i årevis. No kan eventyret vere over.

– Vi gekk rundt 40 000 kroner i minus etter fjorårets oppsetning. Hadde vi tatt ut løn, så hadde tala vore endå raudare, fortel Ahnéll.

Ho synest det er synd at Knurrs aktivitet blir lagt ned fordi teatestykket ikkje er økonomisk berekraftig.

– Interessa for stykket har vore enorm, og eg seier ikkje dette berre for å syte. Det er eit strev å halde noko slikt oppe, og derfor har vi valt å legge ned prosjektet, seier Ahnéll.

LES OGSÅ: Vil lage film av Kaptein Knurr

Jobbar med filmversjonen

Paradoksalt nok arbeider Irene Ahnéll med filmversjonen av Kaptein Knurr. Interessa for å lage ein film av historia har vore stor.

Folk som har vore involvert i teateroppsetninga av Knurr har, ifølge dramatikaren, fått ein sorgreaksjon.

– Det ligg veldig mange kjensler bak dette stykket. Mange har vore involvert, og då vi delte nyheita med alle dei involverte, så reagerte folk med sorg, seier Ahnéll.

Mellom 40 og 50 barn har vore involvert i teaterstykket sidan 2009. Fleire av dei har endt opp på Den Nationale Scene.

– Kaptein Knurr har vore eit springbrett for mange unge talent, seier Irene Ahnéll.

LES OGSÅ: Skummelt bra underhaldning

– Synd

– Det er synd at ei så populær teateroppsetning, som så mange vil sjå, ikkje kan fortsette på grunn av at ein ikkje klarer å få økonomi i det, seier Øyvind Storheim frå Kulturoperatørene.

Dei har vore involvert i teateroppsetninga sidan starten.

– Ein klarer å drive på goodwill ei stund, men så stoppar det opp. Vi opplever nok det samme som dei festivalane som er lagt ned dei siste åra, seier Storheim, og viser blant anna til Periferifestivalen.

No har dei sagt nei til 2017, men Storheim stadfestar at ein skal møtest til hausten for å sjå kva som skjer vidare.

Imponert byråd

Kulturbyråd Julie Andersland seier til BA at byrådet er imponert over jobben Krabatene har gjort med Kaptein Knurr.

– Byrådet har dobla støtta deira. Vi gir også særskilt støtte til sjølve oppsetninga av Kaptein Knurr. Om dei likevel ikkje får det til å gå rundt, er det synd. Vi håpar Krabatene vil bruke sin kompetanse til å jobbe fram andre, nye satsingar i framtida, seier Andersland.

Artikkeltags