Tar opp igjen leiteaksjonen med miniubåt

LEITEAKSJON: Politi, brannvesen, Redningsskøyta og frivillige har deltatt i leiteaksjonen.

LEITEAKSJON: Politi, brannvesen, Redningsskøyta og frivillige har deltatt i leiteaksjonen. Foto:

Politiet held fram leiteaksjonen etter 89-åringen i Gulen laurdag.

DEL

(Firda): – Vi skal halde fram å søke med miniubåt i dag, seier operasjonsleiar Knut Dahl Michelsen i Vest politidistrikt.

Leiteaksjonen etter ein sakna 89-åring i Brandanger i Gulen starta torsdag morgon. Politiet og frivillige frå Norges Røde Kors og Norske Redningshundar har deltatt i søket.

Eit helikopter frå Hovudredningssentralen for Sør-Norge har også deltatt, og ei redningsskøyte med dykkarar har søkt i vatnet.

Søket på land har ikkje gitt resultat. Det blei etter kvart funne ein båt på sjøen som kan vitne om at den sakna har falle i sjøen. Den sakna er antatt omkommen og den livreddande redningsaksjonen er avslutta.

Leiteaksjonen med miniubåt starta rundt klokka 09.00 laurdag morgon.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken