Kjersti Møllerup Wiik hadde stemt i verset “Søde Jesu, Davids rot”. Ein salme som mest heilt har gått ut av bruk, men som ho har henta fram frå gløymsla.
Det er kvelden før kvelden i Knarvik kyrkje. For 25. gong har Kjersti Møllerup Wiik samla nokre av dei beste musikk-talenta Nordhordland har til julekonsert. No den mektige Adeste Fideles - også det musikk som gjennom mange hundre år har blitt sunge, spelt og elska av menneske over heile verda.
Halvannan time følgde, med noko av det vakraste frå norsk og internasjonal julemusikk. Ekstra sterkt kjendest det då kor, solistar og musikarar framførde “Carol of the Bells”.
Ukraina
Den songen vart skriven i 1916, i Ukraina. Då og rasa det krig i Europa, og menneske døydde i skyttargravene. Og Ukraina freista lausriva seg frå det russiske herredømet. Sidan vart songen plukka opp av ein amerikansk komponist, og vert no sungen i kyrkjer og konsertsalar i mange land.
Mange merka seg og den vakre “Øyfolkets jul”, som vart skriven til kommunesamanslåinga i den nye storkommunen Øygarden. Og så veksla det mellom jazz, folketonar, ny norsk musikk og gamle klassikarar. Programleiar Marie Morken batt det heile saman på ein framifrå måte, og når ho ikkje var programleiar var ho ei av damene i koret “Kvende”. Under Kjersti Møllerup Wiik si leiing, sjølvsagt.
Lokale talent
Mest berre lokale artistar. Det eine av to unntak (det andre var kapellmeister Vidar Eldholm) var Helge Jordal. Stjerne på scene og film gjennom 50 år.
Han var ein “raud tråd” i konserten. Las forteljing og dikt, og song. Til stor applaus - og det såg ut som han hadde det ganske fint på strilelandet.
Vinternatta
Imponerande innsats av dei unge solistane - både dei og alle i koret er eller har vore elevar hjå Kjersti Møllerup Wiik. Som både song solo, dirigerte - og hadde hovudansvaret for heile tilskipinga.
Heilt fullsett var ikkje kyrkja denne litlejulaftan, men det kunne ikkje merkast då alle - slik tradisjonen er - reiste seg og song saman med kor, solistar og orkester. Den mektige klassikaren “Deilig er jorden”, slik han har blitt sunge i 350 år. Så ut i vinternatta, under stjernene. Det var jul.