Han måtte melda sjukdomsforfall til konserten på Lygra i helga, men er klar til sin eigen avskilskonsert som organist i Manger kyrkje søndag kveld.

– Legane fann ingen ting gale, heldigvis. Eg er frisk, forsikrar Frode.

Han har vore organist ll på Radøy sidan 2015, men begynte å vikariera alt i 2009.

– Det har vore ein veldig fin og trygg plass å vera, for å opparbeida seg rutine og erfaring. Men med lærarstilling på Voss gymnas, samt at eg fekk skribentjobben i Harmonien i vinter, og no har fått forfattarstipend, gjer at eg vel å takka for meg i denne omgang på Radøy. Det er begrensa kva ein kan rekka på eit døgn, seier Skag Storheim.

Han har kone og to barn, og i tillegg ei rekkje frilansprosjekt som krev sitt.

Han avsluttar i kjend stil. Under avskilskonserten i Manger kyrkje serverer han orgel- og pianomusikk av høg kvalitet, historiar, minikåseri om Hans Dahl, og ikkje minst ein dose karakteristisk humor.