Fredag fortalde BA nyheita om at byrådet i Bergen vel å gå til konfrontasjon mot vegvesenet for å få fortgang på arbeidet med Nordhordlandstunnelen.

I staden for å venta på heile vegsystemet, med det noko misvisande namnet ringveg aust, vil byrådet ta Nordhordlandstunnelen ut av det store prosjektet. Håpet er at det skal føra til at ein raskare får avlasta den totalt utdaterte strekninga mellom Vågsbotn og Nordhordlandsbrua.

Vegvesenet, på si side, har stått steilt på at heile strekninga frå Fjøsanger nær Bergen sentrum, via Arna og Vågsbotn til Nordhordlandsbrua bør planleggast og byggast som eitt prosjekt.

For Nordhordlandstunnellen og Nordhordland sin del, tyder det meste på at byrådet har gjort eit klokt val. Men det er òg eit dristig val.

Dette er ikkje noko enkel sak, la det vera sagt. Og det finst heilt klart motførestillingar.

Eit av dei store problema med norsk vegutbygging har vore at ein har karra til seg finansiering til delar av strekningar, og at ein dermed berre har flytta flaskehalsane.

Faktisk er det òg forteljinga om strekninga mellom Nordhordlandsbrua og Vågsbotn. Det var så krevjande å få realisert Nordhordlandsbrua, at ein ikkje orka å ta kampen for vegen som skulle ta trafikken vidare mot Åsane. Motstemmene fanst. Innst inne var det dei som hadde rett. Men frykta for at Nordhordlandsbrua aldri skulle komma vann. Det er vanskeleg å klandra nokon for det.

Og det er ikkje alltid det rettaste er det beste. Nokon gongar må ein vera realistisk, og ta det ein kan få innanfor rimeleg tid.

Les også

Prioriteringane langs E39 heng ikkje på greip

Grunnen til at eg meiner at byrådet har gjort det rette, er at Nordhordlandstunnelen burde ha vore på plass for fleire tiår sidan. Ein kan ikkje kjapt nok komma til livs den totalt uhaldbare trafikksituasjonen forbi Haukås og Hylkje. Det handlar om trafikktryggleik, det handlar om vilkåra for næringslivet, om folk som skal til og frå, om kollektivtrafikken, og ei lokalbefolkning som i fleire tiår har fått nærmilkøet sitt forpesta av trafikkulukker, køar og alle dei hindringane det fører med seg.

Parallellen til at ein ikkje bygde Nordhordlandstunnelen, eller Nyborgtunnelen som namnet var den gong, samtidig som Nordhordlandsbrua, er heller ikkje fullgod. Det er ein gong slik, at dei fleste som kjem til Vågsbotn skal vidare gjennom Åsane, der ein allererie har fire felt å boltra seg på.

Eignetleg burde aldri Nordhordlandstunnelen ha vorte ein del av ringveg aust.

For å bygga stykkevis og delt er ikkje den einaste sjuka i norsk samferdsleplanlegging. Den nye sjuka er at ein planlegg så store og omfattande prosjekt, at dei «aldri» vert noko av. I alle fall ikkje på fleire tiår.

Ringveg aust er vanskeleg av mange grunnar. Både når det gjeld kor traseen skal plasserast, store konsekvensar for jordbruksareal, kva ein eigentleg vil med vegen og mål om nullvekst i trafikken. Kvar for seg er dei ulike delstrekningane viktige, men dei kan ikkje få utsetja Nordhordlandstunnelen. Det er den som hastar mest. Det treng slettes ikkje å vera slik at det byrådet gjer no, betyr at resten av ringvegen treng å verta utsett.

Det som likevel er dristig med byrådet si avgjerd, er at dei no legg seg ut med dei ein i teorien aldri skal legga seg ut med. I norsk samferdslepolitikk finst det ein stat i staten. Den staten heiter Statens vegvesen. Du får ingenting til om du ikkje spelar på lag med staten i staten.

Det er i seg sjølv noko som bør utfordrast, slik byrådet no gjer. Dei tar kampen. Då bør dei òg legga kjepphestar til side, slik at dei ikkje bidre til trenering av prosjektet.

No må alle krefter i Nordhordland og Åsane vera med på den kampen. Det er på tide å stå saman for å få bygd Nordhordlandstunnelen.

Les også

No er det nok, Bergen!