Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
På måndag 3. juni er dei politiske partia i Alver invitert til Meland ungdomsskule. FAU – foreldreutvalet ønskjer dialog med oss, vise oss skulen og dei utfordringane skulen har. Eg helsar dette initiativet velkomen.
Skule, læring og trivsel heng saman, og det er viktig for ein kommune som Alver å ha gode skulebygg som inviterer til det viktigaste av alt nemleg læring.
Borna og dei unge er framtida vår, og det er for dei og komande generasjonar at vi no byggjer Alver kommune saman.
Alver KrF er opptatt av tenestetilbodet i Alver, og vi er opptatt av å gjere ein open og grundig jobb med dei investeringane som no ligg føre oss i den fyrste kommunestyreperioden i Alver.
«Kveldsskule» på Frekhaug: – Ungdomsmiljøet i Meland er litt utfordrande akkurat no
Vi vil straks gå i gang i Alver kommune å planleggje ny ungdomsskule slik at vi får den på plass. For å kunne planleggje så er det viktig med samhandling og dialog mellom bla skuleadministrasjonen, foreldre gjennom FAU og SU, dei tilsette, tillitsvalde og lag og organisasjonar som også er opptatt av skule.
Dette har eg god erfaring med frå Lindås der vi har hatt fleire skuleprosjekt i eit godt og ope samarbeid.
Eg ser fram til møtet på måndag! Takk til FAU som inviterer.

Meinar politikarane i Meland er handlingslamma – Krev ny ungdomsskule no