I kommentaren sin i Avisa Nordhordland 25. februar kjem redaktør Nydal med nokre karakteristikkar av meg som person og som politikar. Dette var såpass kvasst, at eg vil nytta meg av tilsvarsretten min. Eg vil då seia noko om det som er kjerna i det eg vil ha fram i denne debatten; nemleg dei utfordringane som fylket står ovanfor.

Fyrst og fremst: Eg veit godt kvar eg kjem frå, og den viljen eg har til å løfta strilane og strilelandet fram, vil eg vidareføra for alle innbyggjarane i fylket. For det er jobben min som fylkespolitikar.

Ved oppstarten av ny valperiode er me folkevalde pålagt å gjera ei analyse av situasjonen og deretter setja mål og leggja planar framover. Det som uroar meg mest i analysedelen er folketalsutviklinga, som stadig går nedover i distrikta. Dette krev handling, men også framsnakking av livet på bygda. Det siste har me mange gode døme på, særleg i Nordhordland. Det var dette eg sa til NRK, og trass i det som går fram av enkelte medieoppslag har eg fått mange gode tilbakemeldingar på utspelet – ikkje minst frå ordførarar. Eg har ved mange høve sagt at det viktigaste for meg som fylkesordførar er at det går godt i kommunane og lokalsamfunna. Me skal vera ein medspelar til vekst og utvikling i heile fylket. Jobbskaping i distrikta er ei hovudoppgåve for oss alle.

Eitt av dei beste døma på samarbeid, framsnakking og vekst er nettopp Nordhordland. Då eg vart fødd var Nordhordland omtalt som den svarte delen i Hordaland, med stagnasjon og fråflytting. Heilt sidan Nordhordland tiltakskontor vart etablert i 1961 (no Regionrådet Nordhordland) har kommunar, næringsliv, lag/organisasjonar og ikkje minst innbyggjarane samarbeidd oss fram dit me er i dag! Nordhordland er i dag eitt av vekstområda i fylket, og ei suksesshistorie i vellukka distriktsutvikling. Me har hatt tunge tak, men me har også framsnakka oss sjølve, med godt humør, og strilane vik heller ikkje unna for ein debatt.

Redaktøren i Nordhordland tek utgangspunktet sitt i deler av ein reportasje som NRK radio laga førre veke. NRK valde ei overskrift på reportasjen, som var feilaktig, og som dei korrigerte etter noko tid. Eg kunne formulert meg annleis i ein del av intervjuet med NRK, det er det lett å sjå i ettertid. Redaktøren viser i artikkelen positivt til det eg har gjort i Radøy og Nordhordland, men det fell på eiga urimelegheit å trekkja motiva mine i tvil.

Motivet mitt, og det eg jobbar for kvar dag, er å sikra vekst og utvikling i heile fylket. Jobben som fylkesordførar er å stå på kvar dag for lokalsamfunna i heile Vestland - frå Stad i nord til Sveio i sør. Og skulle nokon vera i tvil om kva eg meiner om by og land: Byen er viktig i seg sjølv og for distrikta, men den tøffaste kampen står i distrikta!

Jon Askeland, radværing og folkevald

Les også

Har du gløymt at du er stril og Senterparti-mann, Jon Askeland?