Dei siste 20 åra har me i FAU ved Eikanger skule vore involvert i fleire prosesser knytta til både skulestruktur og utbetring av skulen vi har i dag.

Seinast i 2016 vart prosjektet «Ny felles skule» ferdigstilt etter ein grundig og involverande prosess der saka endeleg fekk eit konkret mål med plan for ny skule. I mellomtida vart det lova utbetring av eksisterande bygningsmasse samt uteområdet.

Utbetringa er delvis gjennomført, og skulen har endeleg fått kommunalt vatn og avløp, ei etterlengta oppgradering av uteområde som er blitt veldig bra, betre tilhøve for dei tilsette med nye arbeidsplassar, og ombygging til spesialrom. Fortsatt venter vi på betre og sikrare tilhøve for parkering, henting og levering (droppsone). All klasseromsundervisning føregår i brakker, der eldste delen alt er i bruk på 8. året. Skulen har heller ikkje tilfredsstillande gymsal og garderobar.

Noko av utgangspunktet som kommunen hadde med arbeidet i 2016 var å skapa likeverdige og gode læringsmiljø. Det var brukargrupper, inkluderande prosessar med alle involverte og eit felles ynskje om endeleg å finna ei varig og god løysing. Det er difor med stor uro me les at rådmannen foreslår at Eikanger skule ikkje skal vera med i økonomiplanen dei neste fire åra. Er me verkeleg på veg inn i ein ny runde der eit kjapt budsjettvedtak legg bort planar og konkrete mål for Eikanger skule?

Det har vore minst 20 år med ein krevjande og utmattande prosess for både elevar, tilsette og foreldre i denne saka. Vil det ingen ende ta?

I påvente av, og med konkrete lovnader om ny skule, har både elevar, tilsette, foreldre og skuleeigar i mange år sett «gjennom fingrane» med fleire sider av skuleanlegget. Dette kan me ikkje lenger godta. Alle elever ved Eikanger skule har i dag til dømes sine klasserom i brakker, og skulen er utan tilfredsstillande gymsal og garderobetilhøve. Vi ber om at våre folkevalde tar ansvar og syrgjer for at arbeidet med skuleprosjektet vert prioritert. Vi ynskjer at vore born skal få det same tilbodet og bli likeverdig behandla som resten av borna i Alver kommune!

FAU ved Eikanger skule.

Les meir om problematikken rundt ny Eikanger skule her: