Syklistar bedne om å vere merksame i morgontimane

Fredag morgon kan det vere glatt på vegane fleire stader.

DEL

Det melder Vegtrafikksentralen vest.

– Vi får fleire meldingar om at syklistar sklir på glatta i dag, skriv dei i ei Twitter-melding.

Fleire stader har det kome vatn inn i vegen, som har fryst til is grunna dei låge temperaturane.

Vegtrafikksentralen ber syklistar om å vere veldig merksame i morgontimane i dag.

Artikkeltags