Theodor vann sykkel

STORFORNØGD: Ein lukkeleg Theodor (7) tar imot hovudpremien, ein splitter ny sykkel. alle foto Randi Bjørlo

STORFORNØGD: Ein lukkeleg Theodor (7) tar imot hovudpremien, ein splitter ny sykkel. alle foto Randi Bjørlo

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

- Denne har eit gir meir enn kompisane sine syklar, smiler 7-åringen frå Hjelmås.

DEL

Vel 360 barn deltok i årets Tour of Norway for kids i Knarvik fredag ettermiddag. For tredje år på rad viste vêrgudane seg frå si beste side under det kjekke sykkelløpet, der alle er vinnarar.

Den heldigaste av dei alle, var Theodor Myhr (7) frå Hjelmås. Han vart trekt ut som vinnar av ein splitter ny sykkel med sju gir. Eit anna nummer vart trekkt ut første, men han eller ho hadde gått frå området då trekninga føregjekk, og då var det berre å trekka ein gong til - slik arrangøren opplyste om før det heile starta.

LES OGSÅ: Sykkelfest i Knarvik

Alle vinnarar

Med nr 196 på brystet vart det full klaff for den glade 7-åringen.

- Han trengte faktisk ny sykkel, seier pappa før den fornøgde vinnaren kviskrar til han at sju gir er eit meir enn dei to kompisane har på sine syklar.

- Eg har ikkje gir frå før, seier Theodor som bukkar djupt når han mottar den flotte premien. Mandag reiste familien på ferie til Gol, og sykkelen var sjølvskriven i bagasjen.

Alle deltakarane som starta i fem ulike hit etter alder, fekk premie frå Joker på Hundvin. Ein pose med solbriller og mykje anna kjekt innhald.

Ekstra stas vart det òg gjort på tre andre syklistar. Som i Tour de France vart det delt ut tre «symboltrøyer». Evy vart trekt ut som vinnar av den kvite, raudprikkete klatretrøya, Anders fekk den grøne spurt-trøya og Silje den gule leiartrøya.

LES OGSÅ: - Det er psykisk bra å sykla nedover på kartet

Kosedyr og smokk

Ungar og vaksne storkoste seg i det fine vêret. Og dei håpefull tok seg rundt på sparke- syklar, balansesyklar, løparhjul, trehjulssyklar og tohjulssyklar med og utan støttehjul.

- Dette er gøy, seier Sara Knarvik Olsen (3 1/2) ho har med seg kosedyra «Hundekatt» og «Bella» i sykkelkorga.

Michelle Gullaksen (2 1/2) er blant dei yngste. Ho er minst like opptatt av det som skjer rundt seg, som å sjå på vegen framføre seg.

- Ho synest nok det er både skummelt og gøy, seier mamma.

Litt skummelt synest og Emil (snart 3) at det er. Han har fått måla katteansikt, og har smokken godt plassert i munnen.

LES OGSÅ: – Jaa! Det er ein deilig kjensle å vinna!

Kamera på hjelmen

Medan nokre legg ut i eit forrykande tempo. ser andre ut til å ha all verdas tid.

- Her kommer de i etthundre og pil og bue, seier speakeren på klingande austlandsk.

- Og her er det ingen som får fartsbøter, legg han til og oppfordrar publikum til å slå av full kraft mot reklameplakatane når syklistane nærmar seg mål.

Han skryt uhemma av publikum og arrangementet i Knarvik.

For dei yngste held det med ein runde, medan dei eldste heata syklar to rundar.

Fleire av ungane, deriblant Theo Arnesen (8) syklar med kamera festa på hjelmen, frå TV2.

- Veldig gøy, seier han.

LES OGSÅ: Rektor gjekk planken på open dag

Spennande spurt

I den eldste klassen vert det ein durabeleg spurt mellom Nordhordland sykkelklubb sin front-ryttar og den ivrigaste av syk-listane. Han må melda pass like før målstreken, men det var nære på. Midtvegs ut i siste runden hadde han eit lite forsprang. Det heldt ikkje heilt til mål. men bidrog til å gjera det ekstra spennande for publikum.

Trass høg fart i dei siste ritta, og ein del samanstøyt med nabosyklar i dei første, gjekk det heile fint for seg. I følgje Nordhordland Sykkelklubb var to jenter uheldige og datt og slo seg så pass at dei måtte ein tur innom legevakta, men begge slapp unna med skrekken.

Ein tradisjon

Tour of Norway for kids er Norges største sykkelritt for barn, i alderen frå 0 til 14 år.

I perioden 13. mai til og med 20. juli vil dei vera tilstades på 56 ulike plassar i landet. Det er 11 sesongen rittet vert arrangert, og tredje året i Knarvik med Nordhordland Sykkelklubb som vertskap.

Artikkeltags