Svein vart NM-konge for veteranar: – Kjekt å kjenne at beina «flyr», at blodet brusar og at mjølkesyra framleis er intakt

Han har ikkje vore med i baneløp sidan 1980-talet. Men AKS-løparen Svein Glomnes viste gamle kunstar under friidretts-NM for veteranar i idrettshallen på Leikvang. Han vart trippelvinnar. AKS-77 innkasserte ikkje mindre enn 18 medaljar, der åtte var av edlaste slag.