Svært produktiv Silje: Nytt album ute – i gang med endå to album

Ho har nettopp hatt sitt første plateslepp – men Silje Steinsund Rød frå Lindås er alt godt i gang materiale både til sitt andre og tredje album. I debutalbumet «Oceans Within» tar ho lyttarane med på ei reise til havs – og byr på indre stemningar, sorg og sakn.

DEL

Silje er godt fornøgd med albumet og fortel at ho diggar dei ulike referansane til havet og korleis songane heng saman som delar av ei slags reise. «The Raven» er hennar personlege favoritt. Ho elskar dei ulike spenningane som ligg i teksten, og hugsar godt kor ho fryda seg over den vakre og samtidig svært dystre stemninga ho laga då den vart til ved pianoet heime.

Veninna vart bekymra

Ei av dei første Silje viste "The Raven" til var ei nær venninne, som vart skikkeleg bekymra då ho høyrde den.

– Ho spurde om alt var ok med meg, noko som ikkje er så løye ettersom songen i hovudsak handlar om å la seg utnytta eller å bli verande i ein usunn relasjon. Eg, derimot, var overbegeistra og lukkeleg over det eg hadde skapt. Eg berre elskar å skapa stemningar med ord og musikk, og likar når det ligg ulike ting og dirrar mellom enkle linjer, seier Silje Steinsund Rød.

Songane på albumet skreiv Silje våren 2019. Ho hadde allereie gitt ut nokre songar med tema frå havet, og hadde lyst til å laga eit konseptalbum. Produsent er Nadeem Merchant frå Tampa i Florida.

Kjensler som driv meg

Det er i hovudsak glede som driv 43 år game Silje mest i låtskrivinga - gleda over å skapa noko, gleda over å vera kreativ.

– Kvar gong det kjem ein ny lyd på plass som er akkurat sånn som eg hadde forestilt meg, frydar eg meg. Eg stortrivst i kreativt samarbeid, og har vore så heldig å finna folk som verkeleg lyttar til meg, men som samtidig ikkje er redde for å komma med sine innspel og idear.

– Samtidig har eg også songar som eg har gråte meg gjennom å laga, som til dømes "Man Overboard" på albumet. Eg hugsar eg sat i ein stol på terrassen og skreiv den i mai i fjor vår, og tårene trilla. Sånn sett kan ein vel seia at det er kjensler som ofte driv meg ofte, men i all hovudsak glede over å skapa.

Samarbeid over Atlanteren

– Det hadde ikkje vore så enkelt å produsera eit album med ein kar i Florida viss eg ikkje hadde flinke folk her heime som kunne hjelpa meg å visa kva eg tenkjer. Den som har bidrege aller mest lokalt er gitaristen min, Sture-André Høgquist, som ofte hjelper meg å få fram på gitar dei tonane eg høyrer for songen.

Det fins også gitarspor laga av Pål Martin Antonsen, Geir Inge Veland (steel-gitar), Atle Leknes og Stian Sylta.

– Eg kjenner meg svært takknemleg og glad for å kjenna flinke musikarar. Utan dei hadde eg vore som ein malar utan penslar, smiler Silje.

Det er elles Ben Holmes frå England som har lagt på trommer på alt utanom «Let Me Sail».

Solveig Serigstad Hauge har laga coveret til "Oceans Within". Silje Steinsund Rød er godt igang med to nye album.

Solveig Serigstad Hauge har laga coveret til "Oceans Within". Silje Steinsund Rød er godt igang med to nye album.

Om ikkje å finna heim

Ho startar reisa på sitt første album langt ute på havet i «The Lighthouse Keeper». Songen handlar mest om å ikkje finna heim, og om lengting etter å finna heim eller finna tilbake til noko som ikkje fins lenger, og om einsemd.

– Fyrvoktaren kan vera så mykje; kan vera ein person du har mista som gjer at du har mista fotfeste, kan for ein truande vera Gud (kven elles går på vatnet tradisjonelt sett), men det kan også vera deg sjølv du ikkje finn tilbake til, seier Silje.

Kaptein på eiga skute

Ho fortel at «Mutiny» er ein av dei siste songane som fekk plass på albumet, fordi den var heilt annleis enn det andre ho held på med. Silje kallar dette ein rein seierssong midt mellom sorg og sakn.

– Den fekk sin plass fordi den fungerer som motvekt, og viser at det er mogeleg å ta kontroll over eigen situasjon og vera kaptein på eiga skute. Det er ein song som for meg personleg handlar om at eg har funne ut kor eg vil vera i musikken. Den er ein sånn litt gøyal song som eg såg for meg akustisk på skutedekk, men eg vart litt gira på grungy gitar undervegs, seier ho med eit smil.

– Eg kjenner meg svært takknemleg og glad for å kjenna flinke musikarar. Utan dei hadde eg vore som ein malar utan penslar, seier Silje Steinsund Rød.

– Eg kjenner meg svært takknemleg og glad for å kjenna flinke musikarar. Utan dei hadde eg vore som ein malar utan penslar, seier Silje Steinsund Rød.

Lar alt det vanskelege fara

I «Say It Isn´t So» er stemma til den som har gjort andre vondt. Den handler om anger. Silje diggar det tunge lydbildet her, og dissonansen.

Men så slår Silje an tonen for ei meir problemfri avslutning av albumet. Ho fortel: - «Anchor Fall» handlar om å la alt det som er vanskeleg fara, berre vera i noet og la bekymringar og tankar som har vore tatt opp i dei tidlegare songane forsvinna.

Den blir følgd opp med «Here Comes Tomorrow», som handlar om å finna kvarandre att. Då 43-åringen laga den var hennar eldste son Andreas på veg heim over Atlanteren etter ein tur med Sjøkrigsskulen om bord i Statsraad Lehmkuhl.

– Eg hadde dermed både han og kjærasten Camilla i tankane, men har også lagt mitt eige sakn og mi eiga gjensynsglede inn, seier ho.

Gjerne live på «Dronninga»

Silje Steinsund Rød ønskjer å ut til sitt publikum, mellom anna ved å publisera akustiske versjonar på Youtube-videoar. Ho håpar også å få spelt albumet live på stader med tilknyting til sjø, som på «Dronninga» på Utkantsfestivalen – med utsikt over sjøen. No er ho på jakt etter ein fast lead-gitarist til bandet sitt.

No kosar ho seg med produksjonen av album 2 og 3. Ho har materialet klart til begge. Album nummer to får tittelen «Shimmering Gold», som Silje lagar saman med Stian Sylta. Dette er ei samling gamle og nye låtar som ho.

– Det blir eit litt mindre problematisk album reint tematisk, og det er også rolegare musikalsk sett, seier Silje Steinsund Rød. Album 3 skal heita «Castle & Grounds» og er historiar rundt eit slott. Her kjem fantasi-elementet meir inn, røpar ho.

Artikkeltags