MINNEORD:
Ove Jan Paulsen gjekk bort sundag 5. mars. I over eitt år har han stridd med uhelbredeleg sjukdom, så dødsfallet kom ikkje som ei overrasking. Han fekk berre leva vel 3 månader lengre enn kona, Anne Marie, som døydde 24. november i fjor.
Ove Jan og Anne Marie flytta til Lindås i 1968 saman med dei to sønene deira, Ørnulf og Jon Inge. Det var slettes ikkje meininga at familien skulle verta verande her. I utgangspunktet såg dei for seg eit opphald på 2–3 år. Men her vart dei buande. Dei likte seg i bygda vår – sette pris på folket og på naturen. I tillegg merka dei nok at dei var velkomne til Lindås. Eit så ressurssterkt ektepar ville gjerne lindåsingane ha buande i bygda. I etterkant kan ein vel seia at dette – for begge partar – vart «Det lykkelege val» for å bruka diktaren Niels Kjær sine ord – og i Ove Jan «si poetiske ånd».
Ove Jan var rektor på Lindås ungdomsskule frå 1969 og fram til han gjekk av som 67-åring i 2005. Med andre ord – hadde han delansvar for opplæringa og oppsedinga av minst to generasjonar av bygdefolket vårt. Difor har storparten av innbyggjarane på Lindås eit visst forhold til Ove Jan og til Lindås ungdomsskule.
I dette minneordet er det den store innsatsen Ove Jan har gjort på fritida si, me vil løfta fram. I over 50 år har han sett sitt store preg på det frivillige arbeidet i bygda. Det fanst knapt eit lag eller eit føretak som ikkje han på ein eller annan måte var engasjert i. Og var han ikkje aktiv medlem, så vart han (og Anne Marie) innbedne som pianist og opplesar. Det kunne vera tilstellingar i Haugatun eller feiring av 17. mai og andre merkedagar. Ove Jan var alltid ein ja-person!
Ove Jan Paulsen, innflyttaren frå Ålesund, var ei fantastisk eldsjel for mest all kulturverksemd på Lindås. Han hadde ein stå-på vilje langt utanom det vanlege – ein enorm arbeidskapasitet, og han var uthaldande som den seigaste maratonløpar. Heile tida var drivkrafta hans å få gjort noko for bygda si. Innflyttaren vart truleg den største Lindås-patrioten Lindåsbygda har fostra.
Det begynte med Lindås Songlag. Alt etter eitt år på Lindås overtok han ansvaret for koret. Han hadde utdanning og interesse for song og musikk – så dirigentjobben var nok eit naturleg førsteval. Med Ove Jan som primus-motor fekk songlaget ein ny giv. Han fekk songarane med på meir enn berre å syngja dei vanlege korsongane. Dei arrangerte bygdekveldar i Haugatun der spesielle tema stod på programmet. Me hugsar godt både «Alf Prøysen-kvelden» og «Evert Taube-kvelden»
Høgdepunktet for songarane var nok truleg arbeidet med musikalen Oklahoma. Den gjekk for to fulle hus i Haugatun i 1988. Her måtte kvar og ein av songarane vera solistar og skodespelarar. Ein kunne ikkje gøyma seg vekk bak dei andre. For mange var nok dette krevjande – men når suksessen var over – så vil ein tru at dei fleste syntest at storsatsinga var verd strevet og nerveslitet. Det bør også nemnast at det var med Ove Jan som dirigent at songlaget var initiativtakarar til å starta opp med julekonsertar i kyrkja.
Dirigentjobben hadde Ove Jan i 21 år – og dei som var unge og kom med i koret i 1970–80 åra opplevde at Ove Jan hadde ei eiga evne til å foreina dei eldre og dei yngre i laget. Dei reiste saman på mange «songarferder» – og Ove Jan ville alltid ha medlemmene med på å vitja dei ulike kulturskattane som fanst omkring i landet vårt. Han sjølv var guide og kulturformidlar. Koret vart som ein familie både for Ove Jan, Anne Marie og for dei mange nye tilflyttarane som kom til Lindås i samband med Mongstad-utbygginga. Sjølv om Ove Jan ikkje lenger var dirigent for koret – vart han hanka inn som skribent i 2009 då songlaget gav ut sogeskriftet sitt «Song og glede i 70 år»
Song og musikk låg Ove Jan sitt hjarta nært, men interessa hans femna om så mykje meir. I heile livet har Kyrkja stått sentralt for han. Som rektor innførte han i samarbeid med soknepresten, ei lysmesse første sundag i anvendt – der elevar – frivillig – stilte opp med kapper og song i kyrkja. Denne tradisjonen varte i heile Ove Jan si rektortid.
Ove Jan engasjerte seg også i det daglege livet i kyrkja. Han var medlem av soknerådet i 16 år – og i tre periodar var han leiar. I tillegg var han medlem og leiar i Lindås kyrkjelege Fellesråd. Då Lindås kyrkje feira 150- årsjubileum, var han leiar og svært aktiv skribent i redaksjonsnemnda i jubileumsboka.
Ove Jan var også oppteken av politikk – særleg skulepolitikk og kulturpolitikk. Han var mange år medlem av skulestyre, kulturstyre og i ein periode kommunestyrerepresentant. I alle desse fora utmerka han seg, og med-debattantane lytta nok godt etter når han hadde ordet. Det kan her nemnast at Ove Jan vart med i partiet Venstre alt som tenåring – og trass mykje motgang og tronge tider for landspartiet – har han vore trufast medlem av Venstre heilt til det siste.
Ove Jan hadde interesse og syn for fritidssyslar for born og ungdom. Han likte godt idrett, men såg gjerne at det burde vera eit tilbod også til dei som ikkje fann seg så godt til rette på idrettsbana. Difor tok han på seg det store nybrotsarbeidet det var å starta opp med speidarrørsle. Dette var i slutten av 1970-åra. Både han og Anne Marie deltok saman med andre speidar-foreldre.
Me som var føresette til desse speidarane, veit kva innsats som låg bak dette tiltaket. Me er sikre på at den ballasta borna vår fekk med seg frå speidartida, har vore til nytte og gagn seinare i livet. Det var mykje god læring og haldningsskapande syslar som gjekk føre seg på Tinghuset og i Spjeldnes-skogen … Høgdepunktet for mange var nok kanskje då heile troppen reiste på Landsspeidarleir. I dag er det mange 40–50 åringar som er takksame for opplevingane dei hadde og kunnskapane dei erverva seg med Ove Jan som speidarsjef.
Etter at speidargruppa hadde lege nede ein del år, greidde Ove Jan – i ein alder av 77 år – å få nytt liv i gruppa. Han rekrutterte nye leiarar og fekk rørsla på fote igjen. I dag er det full aktivitet for speidarane på Lindås – takka vera idealisten, Ove Jan sin ubøyelege innsatsvilje.
Ove Jan var ein av initiativtakarane då Lindås bygdelag vart skipa i 1993. Laget var meint som ein bindeledd mellom dei ulike laga i bygda. Dei arbeidde mellom anna med trafikksikringstiltak, bygdebok, og mykje meir. Lindåstunet vart på mange måtar eit produkt av arbeidet i bygdelaget. Ove Jan og fleire med han meinte at det var gale at det staselege bygget skulle stå til nedfalls og ubrukt. Dei fekk etter kvart laga ei stifting som gjorde avtale med Lindås kommune slik at Lindåstunet skulle verta avlastingsheim. Men kommunen kunne ikkje gje full støtte til tiltaket – difor måtte ein god del av arbeidet på heimen gjerast som dugnadsarbeid for å få endane til å møtast.
Då Ove Jan pensjonerte seg – 67 år gammal – brukte han storparten av tida si på Lindåstunet. Han var styreleiar og i visse periodar var han også dagleg leiar ved heimen. I tillegg var han «altmoglegmann». Han var pasientven, pianist, opplesar og forteljar. Han hadde eit personleg forhold til klientane på heimen og gjorde alt han kunne for at dei skulle trivast.
I dei åra Lindåstunet eksisterte var nok innsatsen til Ove Jan verd fleire årsverk. Men for han var det berre dugnadsarbeid. Aldri tok han ut ei krone i løn! Berre ein stor idealist kan gjera slikt!
Svært mange i Lindåsbygda føler sorg over Ove Jan sin bortgang. Han var ein person som var på talefot med dei aller fleste. Han var humørfylt og omsorgsfull – ein likandes kar som gjorde alt han kunne for at bygda vår skulle vera ein god buplass.
I takksemd bøyer me hovuda våre og lyser fred over Ove Jan Paulsen sitt gode minne.