Vil få liv i Seim-bygda igjen: Vil starta bygdepub

VIL HA LIV I BYGDA: Aina Karin Nepstad, Reidar Konglevoll, Elin Næsse og Ivar Hopland vil ha liv i Seim-bygda igjen. På torsdag inviterer dei alle i bygda til folkemøte i Strilatun om korleis få fart på bygda igjen.FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

VIL HA LIV I BYGDA: Aina Karin Nepstad, Reidar Konglevoll, Elin Næsse og Ivar Hopland vil ha liv i Seim-bygda igjen. På torsdag inviterer dei alle i bygda til folkemøte i Strilatun om korleis få fart på bygda igjen.FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Når ein får så mange nye i ei bygd, vert det ei todeling mellom dei gamle og dei nye. Det vil me gjera noko med.

DEL

Det seier Reidar Konglevoll.

Saman med fleire andre eldsjeler rundt Strilatun vil dei no få meir liv i bygda og det store bygget.

Vil skapa blest

– Me vil skapa blest om huset og skapa møteplassar så me lærer kvarandre betre å kjenna, og samstundes få betre samhald og trivsel i bygda, seier han.

Og frå representantskapet i Strilatun, har dei utfordra to av kvinnene i bygda. Aina Karin Nepstad og Elin Næsse har tatt på seg jobben, og har jobba fram fleire forslag.

– Me konkluderte med at me ville byrja med ein møteplass, difor vil me ha ein fredagspub ein gong i månaden, seier Næsse.

Ambisjonane er å ha livemusikk, kviss og rett og slett vera ein samlingsplass for folket i bygda.

–Kanskje me her klarar å samla folk som igjen vil komma i gang med noko anna, seier Nepstad.

LES OGSÅ: Desse to pustar liv i Haugsdalen

Lite lagsaktivitet

For det er eit faktum at lagsaktiviteten er låg. Av dei ti laga som er medeigarar i Strilatun, er det berre to lag det er regulær aktivitet i.

Dei to damene har mellom anna komme fram til at filmkveldar, fotballkveldar, dansekurs for vaksne er moglege aktivitetar.

– Me har ungdom som står og trippar, men dei veit ikkje kva dei skal ta seg til, peikar Næsse på.

Ivar Hopland ser og på det økonomiske i det heile.

Vedlikehaldspengar

– No byrjar vedlikehaldet. Det som er viktig å få folk til å forstå er at om ein er med skaffar ein pengar og får huset til å vera oppe og stå, seier han.

Huset er gjeldfritt og dei skal no asfaltera plassen utanfor for 350.000 kroner. Dei siste åra er deler av bygget og pussa opp.

– Men vedlikehaldsutgiftene er byrja å renna på, peikar han på.

– Om huset står her på halv åtte og me ikkje ha pengar til vedlikehald, då forsvinn aktiviteten, peikar Konglevoll på.

Og det er jo det motsette av kva intensjonen er.

– Me vil prøva å få huset til å verta ein samlingsplass igjen, få opp aktiviteten, seier han.
 

Artikkeltags