Som bussjåfør på Radøy har eg mange gongar tenkt på alt som innbyggarane finn seg i. Har fylket gløymt oss? Når 320-bussen kjem til Manger er det ofte bussbyte for dei som skal vidare utover, for eksempel mot Bøvågen og Rossnes (325). Når rutetida på 320 har fått justeringar, så har ikkje 325 blitt tilpassa, slik at forbindelsen har blitt dårleg og folk må venta i alskens vær på ein buss som skal vidare. I nokre tilfelle har ventetida vore over 10 minutt. 10 minutt i vind og regn når ein skal heim frå skule og arbeid er mykje.

Er det ingen i fylkeskommunen/Skyss som tar bussen? I mange tilfelle oppgir reiseplanleggaren at det er bussbyte, utan at det er det. Det er same buss som skiftar linjenummer og same sjåfør som fortsett ruta. Ikkje alltid, men ofte. Alle som har drive med buss veit at bussbyte er noko av det verste passasjerane veit. Dei vil helst sitte på same bussen heile vegen fram. Likevel vel Skyss å fortelje dei om eit bussbyte som faktisk ikkje kjem. Skyss fortel altså om eit rutetilbod som i passasjeren sine auge er mykje dårlegare enn det faktisk er! Faktisk så dårleg at mange heller vel andre reisemåtar for å koma fortare fram og sleppe å bli våt! Er dette god marknadsføring?

Buss i distriktet og buss i byen har alltid vore to forskjellige ting. Alle forstår at det ikkje kan gå like hyppig buss til Sletta på Radøy som til Sletten på Landås. I byen må bussane gå hyppig for det er ikkje plass til alle bilane. I distriktet er det umogleg å fange opp alle som vil ut og reise med kvar sin buss, me bur for spreidt. Men det har likevel vore eit busstilbod for dei som ikkje kan eller vil køyre sjølv, og ein og annen idealist som faktisk likar å ta buss! Pensjonistar, ungdom og uføre kan ofte ikkje køyre sjølv og er avhengig av bussen til og frå trening, fysioterapeut, lege, besøk osv., osv. Når fylkesdirektøren no vil rasere busstilbodet i Nordhordland har eg eitt spørsmål: Betalar ikkje strilane skatt?

Skattebetalarane i Nordhordland har i fleire år fått lengre og lengre reiseveg til – ja – alt! Eg orkar ikkje eingong å tenke på alt som har forsvunne, langt mindre å ramse det opp. Lesaren veit sjølv. Sentralisering kallast det. Busstilbodet er det siste som står for fall, no skal det også sentraliserast. Fru Hansen på Sletten har fått Bybane forbi stoveglaset, Ingrid på Sletta må kjøpe seg bil. Er dette rett? Stril, no må du kjempa!

Dersom du har ungar og elskar å vera taxisjåføren deira kvar gong dei skal lenger enn til postkassen så kan du berre ta det med ro. Fordjup deg i sosiale medium og ta deg ein bolle. Hvis du derimot meinar at skattepengane dine er like mykje verdt som skattepengane til fru Hansen på Sletten, så bør du få ut fingen. Jon Askeland er radværing og fylket sin framste tillitsmann. Han er vald inn som ordførar i fylket og dermed øvste leiar av Skyss. Eg spør deg Jon Askeland, kva har du tenkt å svare dei som har valt deg inn, dei som betalar løna di med skattepengane sine?

Eg er klar over at eg som bussjåfør kan bli skulda for å mele mi eiga kake. Og det er ikkje heilt feil. Yrket mitt får stort sett gjennomgå og vert stort sett snakka ned i driten. Men faktum er at eg likar det. Kvar morgon når eg står opp gler eg meg til å gå på arbeid. Treffe kjende og ukjende passasjerar, snakke med arbeidskameratane mine. Første gong eg køyrde buss var i 1989. Eg har gjort mykje løye og gale sidan då, men eg har alltid kome attende bak bussrattet. Det er berre noko med det…

Alle har høyrt om dårleg løn, delte skift, 12-timars dagar osv.. Men det er likevel fulle stillingar. Fulle 100% stillingar som bussjåfør i distrikta. Dei fleste skifta våre er slik at den sjåføren som køyrer skuleruta om morgonen også køyrer skuleruta heim om ettermiddagen. Dette er trafikktoppane. Skuleruta til og frå skulen. Fylkesdirektøren vil kutte alt anna enn skulerutene på m.a Radøy. Det betyr at 100% fulle stillingar vert redusert til deltidsstillingar. Altså, den einaste yrkesgruppa i Norge som lever med å gå på arbeid to gonger for dagen skal ned frå 100% stilling til, tja 55% kanskje? Og framleis møte opp to gongar for dag. Slå den!

Til dei som skal rekruttere nye sjåførar i ein arbeidsmarknad der ungdom berre ler når ein foreslår bussjåfør som yrke vil eg sei: Lykke til!