Straumbrot i morgontimane

Fleire husstandar i Masfjorden vaknar utan straum mandag. Skjermdump frå BKK.

Fleire husstandar i Masfjorden vaknar utan straum mandag. Skjermdump frå BKK.

I Masfjorden var fleire utan straum mandag morgon.

DEL

Klokka 03.28 natt til mandag melde BKK om ei driftsforstyrring på straumnettet sitt i Masfjorden.

62 kundar er berørte av dette, melder dei vidare.

Foreløpig foregår feilsøking, og feilen er antatt utbetra til klokka 07.30.

Meldinga kom ikkje lenge etter at 300 BKK-kundar var utan straum i eitt døgn i Arna.

– Det var eit straumbrot 23.15 laurdag kveld. 900 mista straumen, seier pressevakt Benedicte Staalesen Nilsen til BA.

Etter 30 minutt vart omtrent 600 kundar kopla inn igjen. Rundt 300 fekk altså ikkje straumen tilbake. Årsaka til dette skal vere ein kabelfeil. Mandag morgon fekk alle kundane i Arna straumen tilbake.

Då klokka var 07.30 leita BKK framleis etter feilen som førte til brotet.

Rundt klokka 08.30 melde dei om at kundane igjen hadde straum tilgjengeleg.

Artikkeltags