Strandsoneforvaltning: – Heile Alver bør tilhøyre sone 3

Nils Marton Aadland (H), Thomas Larsen (H), Torill Eidsheim (H) og Astrid Aarhus Byrknes (KrF) meiner Alver kommune bør tilhøyre sone 3 og dermed ha dei mjukaste reglane for strandsoneforvaltning i dei nye statlege planretningslinjene som er på gang. Arkiv

Nils Marton Aadland (H), Thomas Larsen (H), Torill Eidsheim (H) og Astrid Aarhus Byrknes (KrF) meiner Alver kommune bør tilhøyre sone 3 og dermed ha dei mjukaste reglane for strandsoneforvaltning i dei nye statlege planretningslinjene som er på gang. Arkiv Foto:

Av
DEL

MeiningarRegjeringa vil gje distriktskommunane større moglegheiter for næringsutvikling og busetting langs kysten. Det vert no lagt fram utkast til reviderte statlege planretningslinjer for strandsona langs sjø. Høyringsfrist er sett til 01.09.

Det vert lagt opp til at kysten vår framleis vert delt opp i soner, litt avhengig av kor stort pressområdet er for dei forskjellige område. Det vil framleis vera tre soner, der sone 1 har dei strengaste reglane, til sone 3, der det ikkje er så stort press. Her vil ein ha større høve til å utvikle strandsona.

– Strandsona er av stor betydning for både innbyggarar og næringsliv. Alver kommune er ein kommune med stor variasjon av arealbruken i strandsona. Den er grunnlag for rekreasjon, men også næringsutvikling og arbeidsplassar. Ei klok og berekraftig forvaltning er viktig for våre innbyggjarar og komande generasjonar. Det er viktig at våre lokalpolitikarar sikrar tydelege, gode, oppdaterte planar. Det minskar behovet for dispensasjonar. Men dagens retningslinjer har vore unødvendig kompliserte, seier Torill Eidsheim som sit for Høgre i kommunalkomiteen på Stortinget.

– Dette har vi fått tydlege tilbakemeldingar på frå våre ordførarar, varaordførarar og gruppeleiarar. Det er viktig at vi no får forkorta og forenkla retningslinjer som er betre tilpassa ei god utvikling av vårt distrikt, seier Eidsheim.

– Med at retningslinjene no er sendt på høyring vil det vera mogleg for kommunane både å seie noko om kva sone dei bør tilhøyra, og kva dei tenkjer om dei endringane som er foreslått.

Gruppeleiar i Alver Høgre Nils Marton Aadland, formannskapsmedlem Thomas Larsen (H) og gruppeleiar i Alver Krf Astrid Aarhus Byrknes helser dei nye retningslinjene velkomen.

– Dette er ei sak vi har jobba svært mykje med, og kva sone Alver kommune til slutt hamna i har ei forhistorie som har gjort at den nye kommunen no har ein fot i sone 2 og ein i sone 3 basert på gamle kommunegrenser. Alver Høgre sitt primære mål er at heile Alver no kjem i sone 3, seier Nils Marton Aadland, gruppeleiar i Alver Høgre.

– Det er på høg tid at vi får ein revisjon av desse retningslinjene som vart etablert for ti år sidan. Dette har vi jobba for inn mot våre på Stortinget og regjering. Vi har opplevd at retningslinjene har vore unødig kompliserte. Det har gjort at vi i vårt møte med fylkesmannen har måtta bruka unødvendig mykje tid å ressursar på forhold som burde vore ganske enkle å rydde opp i, seier Thomas Larsen i Høgre.

– Det er kommunane som best kjenner sitt areal, både i strandsona og ellers. Gjennom god lokal planlegging og gjennom medverknad frå våre innbyggjarar, lag og organisasjonar vil vi ivareta dei ulike interessene også i strandsona, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

– Dersom vi no får heile den nye kommunen over i sone 3, eller i det minste får største del av kommunen over i denne kategori, vil det gje oss større moglegheit til å utvikle kommunen i tråd med kommunen sine eigne ønske. For oss er det viktig at vi har ei stødig hand på rattet, for det er vi som sit tettast på næringsliv og som har best heilskapleg syn for korleis kommunen skal og bør utviklast. Det betyr på ingen måte frislepp, men at vi tek planlegging og utvikling gjennom gode og demokratiske prosessar basert på klare retningslinjer. Det vil både kommune og innbyggjarane vera tent med, seier Aadland.

Kommunane har frist fram til 01.09 med å koma med høyringsinnspel.

– Vi skal setje oss godt inn i dei retningslinjene som no er foreslått, og spele inn dersom vi ser det kan vera trong for ytterlegare forbetringar. Her vonar eg at posisjonen også ser det vil tene alle dersom vi frå Alver kjem med tydlege og gode innspel som vil syte for arbeidsplassar og vekst lang kysten vår, seier Aadland.

– I Alver har det politiske fleirtalet med Høgre, Krf, SP og AP vore tydeleg i samarbeidsplattformen at me ynskjer å søkje om å bli pilotkommune for differensiert strandsoneforvaltning. Sånn sett er dette positive nyheiter for å utvikle Alver. Ei revidering av retningslinjene kan sikre ei betre og meir fleksibel bruk av strandsonen i Alver, og vi vil være tydeleg i vår tilbakemelding til regjeringa på dette, avsluttar Larsen.

Dette debattinnlegget er sendt inn som ei pressemelding.

Artikkeltags