– Dette kjem til å bli ein samlingsplass for folket på Stranda

22. juli 2018, kl. 13:49

Nærmare 70 personar, både frå Stranda og områda rundt, var samla på moloen mellom Storholmen og Hosøy i Lindås kommune laurdag kveld. Stranda Båtforening skulle her omsider opne den etterlengta båthamna, der alle 45 båtplassane allereie er kjøpt opp av båteigarar. Både leiar for foreininga, Arne Hosøy, og store delar av publikum var einige om at båthamna kom til å bli ein naturleg samlingsstad for bygda. – Dette kjem nok til å bli ein samlingsplass for folket på Stranda, i tillegg til hytteeigarane her. Det håpar og trur vi i alle fall på, seier Hosøy. Både barn og vaksne møtte derfor opp for å få med seg den offisielle opninga av hamna. – Eg gler meg til vi endeleg får bruke båten vår herfra, seier Filip (8).