Stortinget samde om tiltak for å sikre inntekta for folk

Sylvi Listhaug (FrP), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Hadia Tajik (Ap) under pressekonferanse på Stortinget i samband med regjeringas krisepakke.

Sylvi Listhaug (FrP), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Hadia Tajik (Ap) under pressekonferanse på Stortinget i samband med regjeringas krisepakke. Foto:

Av

Staten tek ein stor del av rekninga for både permisjonar, sjukepengar og omsorgspengar, medan bedrifter får utsett frist for å betale skattar og avgifter.

DEL

Det er klart etter at alle partia på Stortinget har vorte samde om dei første tiltaka som skal berge Noreg gjennom koronakrisa. Regjeringa la fram forslaga sine til tiltak fredag og sidan då har dei forhandla med opposisjonen for å bli samde.

Måndag morgon la partia fram det dei er samde om. Hovudmålet er å sikre folk inntekt, sjølv om dei blir permitterte og kanskje mistar jobben på sikt. Samtidig prøver staten å lette byrda på bedriftene ved å ta mesteparten av rekninga for permisjonar, sjukepengar og omsorgspengar, og dessutan utsetje innbetaling av arbeidsgivaravgift og forskotsskatt.

Nye ordningar skal sikre inntektene til frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande. I tillegg er det laga ordningar for å hjelpe luftfarten.

Pakken inneheld dessutan tiltak for å sikre folk med låge inntekter, og hindre at dei som treng sosiale ytingar eller får arbeidsavklaringspengar, skal miste ytingane.

– Ingen åleine

– Det har vore viktig for Arbeidarpartiet at vi alt frå starten av sender eit tydeleg signal om at ingen skal bli ståande åleine, sa finanspolitisk talsperson Hadia Tajik då ho la fram tiltaka i vandrehallen på Stortinget måndag morgon.

Ho understreka kor viktig det er at folk har ei føreseielegheit og var òg oppteken av at dei med lågast inntekt må sikrast spesielt.

– No står folket og næringslivet i ein veldig vanskeleg situasjon. Då må vi hjelpe og gi tryggleik, både for økonomien til kvar enkelt og for å tryggje arbeidsplassar. Det har vi klart i desse forhandlingane, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Politikarane er samde om at tiltaka er dyre, men nødvendige.

– Det kjem til å koste masse, masse pengar. Men dette er heilt nødvendig no, fordi vi er i ein heilt ekstraordinær situasjon, seier Frps finanspolitiske talsperson Sylvi Listhaug til NTB.

– Drosjesjåføren, frisøren, industriarbeidaren og andre arbeidsfolk som hadde trygge inntekter for berre ei veke sidan, opplever no stor uvisse. Tiltaka i dag vil hjelpe dei og norske bedrifter som allereie står i ein veldig krevjande situasjon, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes er særleg nøgd med at lærlingar skal sikrast lønn, medan MDG peikar på gjennomslag for små bedrifter og frilansarar. Mellom anna vil endringa i den lågaste momssatsen kome kulturlivet og idretten til gode.

Veit ikkje prisen

Opposisjonen på Stortinget vart samde om tiltak allereie søndag, men det vart forhandla til langt på natt for å bli samde òg med regjeringspartia. Alle ønskte ei brei oppslutning om tiltaka.

Leiaren i finanskomiteen Mudassar Kapur (H) er glad for semja. Han peikar på at forhandlingane har føregått medan spreiinga av koronaviruset har ført til raske og omfattande endringar i næringslivet og i samfunnet generelt.

Han kan ikkje seie kor mykje pakken kjem til å koste.

– Det å kome med eit fasitsvar på det talet akkurat no er umogleg. Vi veit ikkje kor mange som blir ramma av dette koronautbrotet, seier han til NTB.

Næringslivet nøgde

Semja på Stortinget blir godt teken imot av organisasjonane i næringslivet.

– Eit samla Storting har gått føre og har vist den politiske leiarskapen vi treng i denne krisa. NHO er glade for at politikarane har lytta og forstått den alvorlege situasjonen for bedriftene, seier Ole Erik Almlid.

Administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke meiner det blir gjort viktige grep for handels- og tenestenæringa.

– Dette treffer bedriftseigarar og arbeidstakarar over heile landet, seier han

Organisasjonen SMB, som representerer mange små bedrifter, er òg nøgde, men saknar kompensasjonsordningar for dei som må stengje på grunn av strenge smitteverntiltak frå styresmaktene, som frisørar og privat helsevesen.

– Dei har i praksis fått yrkesforbod. Her er det mange små aktørar som får levebrødet sitt rive bort, seier SMB-leiar Olaf Thommessen, som meiner tiltaka ikkje er nok.

Regjeringa la fram ytterlegare forslag for å hjelpe næringslivet. Dei omfattar statlege lånegarantiar. Det er varsla at det vil kome fleire tiltak.

Artikkeltags