Opnar for å søke om halltid

Snart ferdig: Storstova på Leiknes nærmar seg ferdig. No oppmodar Lindås kommune dei som vil bruke hallen innan idrett og kulturliv til å søkja om tid. Foto: Terje Fauske, Lindås kommune

Snart ferdig: Storstova på Leiknes nærmar seg ferdig. No oppmodar Lindås kommune dei som vil bruke hallen innan idrett og kulturliv til å søkja om tid. Foto: Terje Fauske, Lindås kommune

Artikkelen er over 3 år gammel

Lindås kommune har no opna for å søke om tid i den nye Storstova på Leiknes.

DEL

Det opplyserer Lindås kommune denne veka.

– Vi håpar den nye hallen skal gje eit stort løft for både skulen, idrett og kulturlivet elles. Kommunen har tett dialog med bygdelaget og registrerer at det finst mange gode idear for å bruka anlegget til å få i gang nye aktivitetar, ikkje minst for barn og unge, seier prosjektleiar Terje Fauske og fagleiar for idrett Atle Vaage i ei pressemelding.

Sjølve byggjearbeidet er rekna å vere ferdig i månadsskiftet mars/april. Det vil likevel ta noko meir tid før hallen kan opnar då formelle bruksløyve må på plass. Så snart dette er i orden, vil hallen bli tatt i bruk. Ifølge Lindås kommune er det planlagt offisiell opning i mai.

Første spadetak for Storstova

– Med ferdigstilling i mars/april vil nok vårhalvåret bere litt preg av prøvetid. Men frå skulestart i august, håpar vi det skal fyllast opp med både faste aktivitetar på kveld og helg samt større arrangement, seier Fauske og Vaage.

Storstova har ein prislapp på 38,5 millionar kroner og er bygt av Lindås kommune med støtte frå Norsk Tipping og ikkje minst innsamla økonomiske bidrag frå Bygdelaget 5915.

Prosjektet omfattar spelflate på 24x16 meter, scene med skiljevegg, sosialrom, kjøkken og auditorium.

Artikkeltags