Skal bygga storstova - men veit ikkje kvar dei skal henta pengane frå

Halvard Rydland

Halvard Rydland Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Halvard Rydland er sjokkert over kostnadssprekken og vil ta ein ny runde på heile prosjektet.

DEL

– Dette er eit dårleg vedtak, seier Halvard Rydland (H) til avisa Nordhordland.

Torsdag vedtok Lindås kommunestyre, mot røystene til Rydland og Ingrid Hindenes (Uavh), å bygga den nye stortstova på Leiknes.

Som avisa Nordhordland skreiv om i slutten av august har prisen for storstova auka med 10,5 millionar kroner til 37,5 millionar kroner.

– kvar skal pengane takast frå?

– Det er eit godt spørsmål. Det er det ingen som veit, seier Rydland.

LES OGSÅ: Storstova på Leiknes sprekk med 10,5 millionar kroner

Nina Bognøy (Ap) stemte for forslaget. Men ho veit heller ikkje kvar pengane skal takast frå.

– Dei tok me frå framtida, seier ho.

– Kva konsekvensar kan det få for framtidige prosjekt i Lindås?

– Det betyr at prosjekta kan verta skubba på. Det har heile kommunestyret sagt ja til, minus to røyster, seier ho.

– Kvar skal pengane takast frå, Bjarte Vatnøy (FrP)?

– Disposisjonsfondet, seier han.

Rådmann Ørjan Raknes Forthun seier at det er opp til det framtidige kommunestyret å bestemma kvar pengane skal takast frå.

– Men dei har ti millionar kroner mindre til investeringar eller drift, seier han til avisa Nordhordland.

Det var ein lang debatt før ein kunne fatta eit vedtak for den nye storstova.

– Dette er ikkje fyrste gong eg står her på talarstolen og er oppgjeven over bygggeprosjekt som sprekk, seier Harald Rydland (H).

Han er svært lite imponert at Storstoveprosjektet på Leiknes sprekk med heile 40 prosent, før ein einaste spade er sett i jorda.

Han kallar dette klassisk Lindås kommune.

– Her sit ein på bakrommet og finn ei god løysing, så går ein ut i marknaden og så fått sjokk over prisane, seier han.

LES OGSÅ: -Bygda kan ikkje venta lenger

Han seier det er ein vanleg feil.

– Administrasjonen må finna løysingar saman med entrepenørane innanfor kostnadsramma, seier han.

Rydland understrekar at han så absolutt vil ha bygd ei storstove på Leiknes.

– Men me kan ikkje ha ein kostnadssprekk på 40 prosent. Det er myje. Då er det vår oppgåve som kommunestyre å seia stopp, seier han.

Han viser og til at at om eit prosjekt går utover kostnadsramma si, har kommunestyret vedtatt at det då skal takast frå andre prosjekt.

– Så eg er spent på kva prosjekt det skal takast frå, seier han.

Det gjorde rådmannen svar skuldig.

– Det må me komma tilbake til i neste kommunestyremøte, sa han fyrst.

Det fekk Ingrid Hindenes til å verta i stuss.

– Eg trudde eg var sikker på kva eg skulle stemma før eg kom hit. Men så høyrde eg på kva Halvard Rydland sa. Og det er vanskeleg for meg å stemma på rådmannen sitt forslag når eg veit eg tek pengane frå nokon, men eg veit ikkje kven, seier ho.

Det var eit spørsmål som fekk Nina Bognøy til å reagera også. Men dei var i mindretal. Dei andre represntantane som tok ordet var tydlege på at storstova si framtid skulle avgjerast på torsdagens møte.

– Dette har vore ei forferdeleg lang historie, og no håpar eg me bygger den uansett kva det vil kosta, seier Gudmund Husdal (FrP).

Alf Angelskår (KrF) var einig.

– Eg vil bygga storstova uansett, sa han og fekk støtte frå Kåre Gaulen.

– Eg vil avslutta saka i dag, sa Gaulen.

Artikkeltags