Første spadetak for Storstova

FØRSTE SPADETAK: Representantar frå entreprenøren, skulen og kommunen tok tirsdag det første spadetaket for å markera byggestarten av Storstova.

FØRSTE SPADETAK: Representantar frå entreprenøren, skulen og kommunen tok tirsdag det første spadetaket for å markera byggestarten av Storstova. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Arbeidet er i gang på Leiknes.

DEL

Tirsdag vart det første offisielle spadetaket tatt for å markere byggestarten for den nye Storstova på Leiknes.

Det 1500 rutemeter store fleirbruksbygget skal stå klart til bruk våren 2017.

LES OGSÅ: Skal bygga storstova - men veit ikkje kvar dei skal henta pengane frå

–  Dette er ein merkedag. Det er mange gonger eg har opna og avslutta denne saka om Storstova i kommunestyret med å seia at det er ein merkedag, at vi skal gjera eit historisk vedtak, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes.

LES OGSÅ: -Bygda kan ikkje venta lenger

Ho takkar spesielt Bygdelaget 5915 for arbeidet dei har gjort for å få på plass bygget.

– De har utfordra oss og kome med løysingar. Når ein såg at det var vanskeleg og komplisert såg de etter andre måtar å gjera det på, seier Byrknes.

LES OGSÅ: Storstova på Leiknes sprekk med 10,5 millionar kroner

SJÅ VIDEO FRÅ MARKERINGA:

Artikkeltags