Store trafikale utfordringar i Isdalstø – mopedførar tatt med til legevakta

Det melder Vest politidistrikt.

DEL

Klokka 1329 meldte AMK om ei trafikkulykke på Lindåsvegen i Isdalstø.

Det skal vere snakk om ei singelulykke.

Vest politidistrikt opplyser at det er store trafikale utfordringar som følge av ulykka.

Politiet er på veg til staden.

Mopedførar til legevaktsjekk

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, seier at politiet nettopp har kome fram til staden klokka 1345.

Ein mopedførar skal vere involvert i ulykka. Vedkommande er frakta til lokal legevakt for sjekk etter ulykka.

– Mopedisten har sklidd på grus/singel, så oppdaga ambulanse det då dei kom køyrande forbi på veg til eit anna ærend. Dei kontakta oss hovudsakeleg for å få bistand til dirigering.

Kolltveit seier at det er mykje saktegåande kø på staden.


Avisa Nordhordland oppdaterer saka.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken