Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Me er heldige som lever tett på ein internasjonal kulturby. Iallfall ein by som har sjølvtillit nok til å sjå på seg sjølv som nettopp det.
For ti år sidan fekk kulturbyen sitt eige litteraturhus. Det var noko ubergensk ved det heile. Dei tok ein suksess frå hovudstaden og prøvde å laga ein bergensk kopi. Det er nesten ikkje til å tru at det gjekk bra.
Dei som likar å drikka raudvin og høyra på forfattarar som snakkar om bøkene sine jubla. Dei er det ganske mange av. Like begeistra var ikkje enkelte av dei i kulturbyen som lever av å skriva nettopp litteratur. Det var ikkje dette dei ønska seg. Tomas Espedal var kanskje den som var mest misnøgd. Han ville heller ha eit hus av og for forfattarar, der forfattarane kunne utvikla litteraturen.
No er det tid for å markera tiårsdagen til Litteraturhuset i Bergen. Espedal er framleis like sur. Han feirar tiårsdagen med ein nesten utdøydd bergensk tradisjon; å heva byen høgt over omlandet sitt.
Sitatet han kjem med i Bergensavisen må få stå heilt for seg sjølv:
– Litteraturhuset er kanskje også bra for forfattere som Agnes Ravatn og Olaug Nilssen og forfattere fra småsteder som gjerne vil ha en scene i byen. Men Bergen er, tross alt, en by med universitet og høyskoler og en del over middels intelligente folk som også fortjener sitt sted, et bysted for en krevende litteratur.
Sitatet til Espedal førte umiddelbart til diskusjon på nettet. Folk frå små plassar vart fornærma. Mange som les bøker vart òg indignerte. Nokre veldig få kritiserte kritikarane, og meinte dei sokk like djupt som den bergenske litterære gudfaren.
I staden for å falla for det same trikset, får me heller gå litt grundigare til verks. For kven er eigentleg desse forfattarane frå småplassar?
Espedal hjelper oss litt. Olaug Nilssen frå Førde og Agnes Ravatn frå Ølen vert jo nemnde. Kven er dei andre forfattarane? Det kan vel ikkje vera Lars Amund Vaage frå Kvinnherad, eller Atle Berge frå Hjelmtveit, eller Erika Fatland frå Ølen, Frode Grytten frå Odda, eller Ruth Lillegraven frå Granvin?
Det kan vel ikkje vera Jon Fosse frå Strandebarm, multivestlendingen Ragnar Hovland, Kjartan Fløgstad frå Sauda, Einar Økland frå Valevåg?
Det kan iallfall ikkje vera Olav H. Hauge frå Ulvik, Aslaug Låstad Lygre frå Lindås eller Olav Nygard frå Modalen?
Eg skal slutta no. «Name-dropping» er slettes ingen stor kunst. Likevel: Lista over litterære namn frå desse avkrokane av nokre småplassar, illustrerer det openberre: Folk frå småplassar står ikkje tilbake for nokon som helst når det kjem til intellektuell kapasitet, eller når det gjeld å skriva litteratur som både heldt eit høgt litterært nivå, og i tillegg er til glede for dei mange.
Dei er faktisk òg eigna til å stilla kulturbyen Bergen i eit litt dårleg lys, sjølv om me ikkje skal gløyma at mange av dei nemnde namna har utført store delar av gjerninga si i den nemnde metropolen.
Eg har faktisk lese Tomas Espedal. Det mest fascinerande eg har lese av han, handlar jo om ein dresskledd mann som går ut av den tidlegare nemnde kulturbyen, og oppsøker desse usiviliserte småplassane til fots. Eg las boka etter å ha gitt opp ordgyteriet til ein annan samtidig litterær småkonge. Det var forfriskande å i staden lesa ein som kunne formulera seg presist med langt færre ord.
Skal me tolka Espedal i beste meining, ønskjer han seg ein plass der han kan møta likesinna og diskutera, utvikla og leika seg med kultur. Kanskje òg å få leva seg inn i trua på at det ein liten klikk i kulturbyen driv med, er meir høgverdig enn det andre driv med.
La mannen få det! Kva om nokon kunne tilby han og nokre svirebrør ein triveleg plass på loftet i litteraturhuset, der dei kunne drikka billeg øl, det er visstnok eit poeng, og utvikla litteraturen saman.
Med fare for å framstå som ironisk: Det kunne hatt noko for seg.
Så kan dei som berre ønskjer å boltra seg i store bøker, skrivne av folk frå små plassar, samla seg i rom på Litteraturhuset som faktisk er oppkalla etter Zinken Hopp (Ullensvang), Alver (Jentenamnet til Amalie Skram, dotter av ein innvandrar frå Alver) eller Fosse-stova (oppkalla etter sjølvaste Jon Fosse).
Me kan berre gratulera Litteraturhuset i Bergen med å i ti år ha forstått at det kjem oppsiktsvekkande mange store folk frå små plassar på Vestlandet.
Det gjer kulturbyen betre, òg.