– Heisen var det kjekkast med heile dagen!

FØRSTE GONG PÅ SLALÅM: Leander Nøttveit (4) prøvde slalåm før første gong i helga. Han synst skiheisen var det kjekkaste med alt. – Den var skikkeleg morosam, seier han. Her er han saman med mamma, Marie Nøttveit. ALLE FOTO: Irene Bratteng Jenssen

FØRSTE GONG PÅ SLALÅM: Leander Nøttveit (4) prøvde slalåm før første gong i helga. Han synst skiheisen var det kjekkaste med alt. – Den var skikkeleg morosam, seier han. Her er han saman med mamma, Marie Nøttveit. ALLE FOTO: Irene Bratteng Jenssen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det bogna av påskeglade folk i skitrekket i Stordalen påskeaftan. Leander (4) var stolt slalåmdebutant. – Eg har ikkje falt ein einaste gong, seier han.

DEL

Fireåringen innrømmer at synest det var tryggast å renna ned bakken saman med mamma, Marie Nøttveit.


– Først synest eg det var litt skummelt, men det vart gøy fordi eg fekk hjelp, seier han.


Sjølv om Leander sin første tur på slalåmski vart ein suksess, er han ikkje i tvil om kva som var mest moro med å vera i Stordalen.


– Heisen var skikkeleg morosam, seier han.


LES OGSÅ: – Eg skal pynta på rommet mitt

Vil ha kamera på hjelmen

Leander har plana klar for framtida.


– Når eg vert stor skal eg gå eit sånt kamera på hjelmen, så skal eg filma ag eg køyrer ned den store bakken. Etterpå skal Besse få sjå videoen, seier han.


– Eg har skistavar på hytta, men dei treng eg ikkje når eg står på slalåm – for det sa mamma, legg han til.
 

LES OGSÅ: - Plass til fleire på fjellet

– Topp stemning!

Påskeaftan var det 330 personar som tok turen til Stordalen skitrekk, og det yra av liv – alt frå dei aller minste til godt vaksne nøyt sola og fridagen i strålande sol.


– Det er veldig fint å vera her i dag, vi har kosa oss i skitrekket, og no koser vi oss med brus og chips. Det er topp stemning, seier Karoline Nøttveit.


Simon Nøttveit (13) stod også på slalåm for første gong i dag.


– Den første turen ned bakken gjekk heilt på trynet, men etter nokre timar gjekk det betre, fortel han.

-Folk smier og er fornøgd

Dagleg leiar på Stordalen Skitrekk, Arne Berg, fortel at starten på påska ver roleg, med relativt lite folk i trekket.


– Mot helga, få vêret vart betre tok det seg opp, og mange har tatt turen til bakken.


Langfredag var det 400 i trekket.


– Då sola endeleg kom vart det fullt køyr her. Det har vore kjempefin stemning, og folk har berre smilt og vore fornøgd. Folk har kosa seg i sola, og det er flott å sjå, seier Berg.

Artikkeltags