Lina (4) nekter å stå på slalåm i barnebakken. Ho vil vera i den store bakken saman med dei vakse

- Det er gøy å køyra åleine, seier Lina (4).

- Det er gøy å køyra åleine, seier Lina (4). Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Det er kjempegøy!

DEL

I fjor stod Lina Hamre (4) på slalåm for første gong. Lørdag var det offisiell opning på Stordalen Skisenter, og då var den modige fireåringen på plass.

- Det går kjempefort, seier ho fornøgd.

Pappa Geir, storebror Leon (11) og fetter Marius (10) var med ho i bakken, men den vesle jenta trengde ikkje noko hjelp.

- Det er gøy å køyra åleine, strålar ho.

LES OGSÅ: Takka vera denne gjengen kan alle stå på ski i Stordalen år etter år

Vil ikkje vera i barnebakken

Mamma Kjersti Hansen fortel at Lina er lite interessert i barnebakken.

- Vi forsøkte å få ho til å køyra i den minste bakken, men det nekta ho. Ho vil berre gjera som dei vaksne, ler det stolte mamma.

Lina (4) stod på slalåm før første gong i fjor. Lørdag raste ho ned bakken som om ho aldi har gjort anna. Her saman med fetter Marius (10) og storebror Leon (11)

Lina (4) stod på slalåm før første gong i fjor. Lørdag raste ho ned bakken som om ho aldi har gjort anna. Her saman med fetter Marius (10) og storebror Leon (11) Foto:

- Når born er så små er dei ikkje redd for å skada seg, slik som vi vaksne er. Lina berre set utfor utan å tenke noko særleg. Ho er mykje modigare enn meg, seier Kjersti med eit smil.

LES OGSÅ: Har bygd ut i Stordalen for tolv millionar kroner

Har hytte

Kjersti, som kjem frå Austrheim, fortel at dei kjøpte hytte i Stordalstølen for to år sidan.

- Vi er her så ofte vi kan, det er eit nydeleg område, som vi vert meir og meir glad i for kvar gong vi er her, seier ho.

Familien har kjøpt årskort på Stordalen Skisenter.

- Vi trivest med å vera her i bakken, og det er rett i nærleika av hytta – så det er midt i blinken, seier ho.

Linda Hantveit hjelper Eirik (7), som står på slalåm for første gong.

Linda Hantveit hjelper Eirik (7), som står på slalåm for første gong. Foto:

Første gong på slalåm

Tvillingane Gustav (7) og Eirik (7) stod på slalåm for aller første gong på lørdag.

- Eg synest det var kjempegøy å stå på slalåm, for då kan eg køyra fort ned bakken, seier Gustav.

Dei synest det var litt vanskeleg å køyra skiheisen, så det vart litt knall og fall før dei fekk taket på det.

- Det vart kjekt då vi fekk det til, seier Eirik.

- Kjekt å vera her

Linda Hantveit, som tok med seg tvillingane til Stordalen lørdag, skryt av skisenteret.

- Det er utruleg kjekt å ha eit slikt tilbod i nærområdet. Det er også flott at det er innan ei grei prisklasse, slik at alle kan få prøva seg, seier ho.

Hantveit nyttar skisenteret jamleg heile vinteren.

- Dette er ein egna plass for både vaksne og born, og det er alltid kjekt å vera her, seier ho.

Sjå bildeserie:

Artikkeltags