Brenn hytte ned til grunnen i Stordalen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Det vart fyrst meldt om ein brann i ei hytte i Stordalen, tysdag morgon.

– Det er meldingane me har fått inn, men det er moglegens eit hyttebål det er snakk om. Men me køyrer fram for kontroll, fekk avisa Nordhordland opplyst hjå brannvakta i Bergen.

Det viste seg etterkvart å ikkje vera så dramatisk. Det er snakk om ei kontrollert nedbrenning av ei hytte, og det er i den samanheng ein ser mykje røyk og flammer i området.

Artikkeltags