Stor pågang hjå legevakta: – Er du ikkje sjuk eller treng akutt helsehjelp, så ikkje ring legevakta

Legevakta i Knarvik jobbar på spreng.

DEL

Laurdag er det stor pågang hjå legevakta i Knarvik. Legevaktsjef, Ingrid Tangerås, har eit klart råd:

– Er du ikkje sjuk eller treng akutt helsehjelp, så bør du ikkje ringe legevakta, seier ho.

Tangerås fortel at det er mange som ringer legevakta med spørsmål om korona-viruset.

– Vi må bruke mykje ressursar på å svare dei som ringer. Dette er ressursar vi vil bruke til å gje helsehjelp til dei som treng det, seier ho.

Vidare oppmodar legevaktsjefen om å oppsøke Folkehelseinstituttet eller kommunen si heimeside for spørsmål og svar knytt til viruset.

Artikkeltags