Kristin (55) er vekas vinnar av Stolpejakt-konkurransen

Kristin sine vinnarbilder!

Kristin sine vinnarbilder! Foto:

Kristin har lagt ut fleire gode Stolpejakt-bilda. Vi klarte ikkje å velge kva av dei som blei vinnarbildet, så det blei to!

DEL

– No har eg to stolpar igjen, fortel Kristin Taule til Avisa Nordhordland.

Taule er frå Knarvik og har gått stolpejakt med to venninner.

– Stolpejakt er ein flott inspirasjon til nye turar. Ein finn stader ein aldri har gått før, seier Taule.

– Kva har vore den finaste turen?

– Dei finaste turane er Veten på Eldsfjellet, Gaustadfjellet og sjølvsagt Stegane.

Hugs at me trekkjer ny vinnar kvar søndag til og med 25. august. Last opp ditt beste Stolpejakt-bilde på Instagram med #avisanh og #stolpejaktenalver eller send det til oss på Facebook. Kanskje det er DU som vinn neste veke?

Artikkeltags