29 år gamle Jogeir Romarheim frå Leknes bur i Knarvik saman med kona. Ho er frå Meland, så Knarvik vert nøytral grunn, der dei har budd i tre år.

Han jobbar i Bonava i Bergen, eit svensk bustadutviklingsselskap som driv i heile Norden. Utdanninga er først teknisk allmennfag (TAF), som gjev studiekompetanse og fagbrev, og ein master frå NHH.

– Eg er glad for alt som kan gje yrkesstoltheit til praktisk arbeid. Alle kan ikkje bli teoretikarar, seier Romarheim.

Og så er han politikar for Kristeleg Folkeparti. I alle fall no. For sjølv om han stod på 19. plass på lista til det første kommunestyret i Alver, hamna han på fast plass etter personrøyster og slengjarar vart talde opp.

I valet kryssa 187 KrF-veljarar han opp på lista og 21 som røysta andre parti gav han ein slengjar. Det vart sjetteplass.

– Ein får jo tru at ein har noko å koma med når så mange røystar deg fram, seier han.

Vart meir engasjert gjennom valkampen

Etter nokre valkampar på stand med vaflar og flygeblad, var han denne valkampen for første gong litt meir involvert. Listefyll og medlem i valkamputvalet til Alver KrF.

– Me har jobba hardt for å profilera Astrid, men det har vore kjekt å bli kjent med dei andre på lista, dei i støtteapparatet til KrF og dei i andre parti. Det er ei positiv erfaring frå dei siste vekene, fortel ein optimistisk Romarheim, som trur det er mogleg å finna tverrpolitiske og gode løysingar for Alver.

Han håpar erfaring frå både offentleg utbygging i Bergen kommune og bustadbransjen gjer at han kan bidra inn i kommunestyret.

– Arealutvikling er komplekst. Eg har sett fleire sider av den prosessen og håpar å dra nytte av den erfaringa, seier Romarheim.

Eit brennbart tema på akkurat bustadutvikling, er Lonena, området ved Brekkeløypa i Knarvik. Alver KrF har programfesta å «sikra at Lonena framleis er eit attraktivt friluftsområde». Romarheim avventar noka klar meining før han har blitt betre kjent med saka.

– Det er dyktige folk som har jobba med planen fram til no og eg ser fram til å få lov til å bidra i det arbeidet, seier han.

Byggja på tradisjonane

Sjølv om han har studert og jobbar i byen har Romarheim alltid budd i Nordhordland. Det gjer han glad i begge stadane, sjølv om det er skilnad på bymann og stril.

– Det er viktig at Bergen er sterke på Vestlandet og det er viktig at Alver er sterke på bustad, kultur og fritid.

Han er oppteken av at Alver må vera ein næringsvenleg kommune og ein god vertskommune for næringslivet.

– Nordhordlendingane er omstillingsdyktige, har lange handverkstradisjonar og tradisjonar for hardt arbeid, og kompetanse frå olje- og gassindustrien, seier han.

– Og det er viktig at det er eit kommunestyre for heile kommunen.

Kommunestyret Romarheim går inn i, er det første i Alver kommune. Dei får ei stor oppgåve med å samla dei tre kommunane til éin ny.

– Om ein greier å ha blikket langt fram, skapa ein felles identitet, så trur eg ein vil greia å finna saman.

Oppteken av frivillig arbeid

Romarheim er også engasjert i frivillig arbeid. Og er spesielt oppteken av Raknestunet, leirstaden på Osterøy som Nordhordland indremisjon driv. I august starta ein innsamlingsaksjon som i sin heilheit skal gå til å oppgradera leirstaden.

- Det er mange som har gjort ein utruleg innsats på frivillig basis på Raknestunet gjennom dei siste 54 åra, og dersom ein kjem i mål no, kan me i fellesskap byggja ein leirplass for Nordhordland for dei neste 50 åra.

– Det er på tide at vår generasjon tek eit løft. Sjø, fjell, fellesskapet, den sosiale treninga og å bli kjent med andre, kanskje første gongen ein er vekke åleine. Det har hatt mykje å seia for mitt liv, seier Romarheim.

Oppussinga skal styrka det frivillige arbeidet som vert lagt ned i leirstaden. Og denne tradisjonen for frivillig arbeid er viktig for Romarheim.

– Alle barn og unge treng at nokon ser dei, og sjølv om ein ikkje tenker på det når ein er liten, så er det mange formelle og uformelle støttespelarar rundt deg i oppveksten. Eg set stor pris på lærarar eg har hatt gjennom både grunnskulen og vidaregåande, dei frivillige leiarane, fotballtrenarane som har heia heile vegen, seier han.