Sterk opplagsvekst for Avisa Nordhordland: – Tusen takk til alle abonnentar og annonsørar

Dette er gjengen som utgjer redaksjonen til Avisa Nordhordland. Frå venstre: Sirill Soltveit Heimdal, Julie Sætre, Trond Roger Nydal, Sunniva Myklebust Hansen, Synne Grimen Hammervoll og Guste Gecaite. Karoline Nordgulen var ikkje tilstades då dette bildet vart teke.

Dette er gjengen som utgjer redaksjonen til Avisa Nordhordland. Frå venstre: Sirill Soltveit Heimdal, Julie Sætre, Trond Roger Nydal, Sunniva Myklebust Hansen, Synne Grimen Hammervoll og Guste Gecaite. Karoline Nordgulen var ikkje tilstades då dette bildet vart teke. Foto:

Av

Framgangen held fram for Avisa Nordhordland. Midt i koronakrisa kan avisa presentere ein opplagsvekst på 4,5 prosent. Det sender avisa over 5000 i opplag for første gong sidan 2014.

DEL

Tysdag presenterte Mediebedriftenes Landsforbund dei ferskaste offisielle opplagstala for heile mediebransjen. Tala gjeld for andre halvår 2019 og blei svært hyggeleg lesing for Avisa Nordhordland.

Avisa har i denne perioden ein vekst på 220 eksemplar, som tilsvarer ein vekst på 4,5 prosent. Netto totalopplag er no oppe på 5078 eksemplar.

– Dette er fantastiske tal for oss! Eg må berre seie tusen takk til alle nye og gamle abonnentar, folk som kjøper avisa i laussal, alle annonsørane og ikkje minst dei tilsette som gjer ein kjempejobb kvar dag, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Oppturen forklarer Nydal slik:

– Årsaka er nok todelt. For det første har vi jobba hardt og målretta over tid med å lage ei betre og meir relevant avis for folk. Vi har tatt store steg digitalt, og det set lesarane heilt klart pris på. Det andre handlar om stadig større aksept for at journalistikk kostar og at vi som jobbar i media ikkje kan gje vekk vara vår gratis. No ser vi at folk gjerne betalar så lenge vi tilbyr folk godt og relevant innhald, seier Nydal.

Blant dei med størst vekst

Ser ein på gamle Hordaland fylke er det berre byavisene Bergensavisen (1178) og Bergens Tidende (471), samt kristenavisa Dagen (1155) og VestNytt (497), som har ein større vekst i reine eksemplar siste halvår.

– Det er jo formidabelt. Vi har ikkje vore over 5000 i opplag sidan 2014. Vi var tett på for eit år tilbake, og då hadde eg eit håp om å bikke 5000 i løpet av 2019. Det har vore ein milepæl og eit magisk tal. Dette er rett og slett skikkeleg motiverande å klare det, seier Nydal.

Det er nye digitale abonnentar som driv veksten. Ifølge MBL-tala hadde Avisa Nordhordland ved nyttår 1797 heildigitale abonnentar. Samtidig er tilbakegangen til papiravisa marginale 35 eksemplar.

– Dette er akkurat det vi har jobba for; begrense nedgangen på papir og vekse digitalt. Strategien vår fungerer, fastslår Nydal.

– Skal takle krisa

For avisa er situasjonen likevel eit paradoks med tanke på koronakrisa som plutseleg har råka heile samfunnet.

Så seint som søndag valde Nydal å stenge kontoret i tråd med råda frå myndigheitene og anbefalingar frå eigarkonsernet Amedia. Med enkelte unntak jobbar dei tilsette no frå heimekontor.

– Dette skulle vi gjerne ha feira umiddelbart, men no er det naturlegvis eit heilt anna fokus hos oss som i resten av samfunnet. No handlar det om å komme oss gjennom ein tøff periode som vi ikkje veit kor lenge vil vare, seier redaktøren.

Og når krisa først har ramma er Nydal glad for å ha gode tal i ryggen.

– Eg har sterk tru på at avisa skal klare å komme godt ut av denne krisa. Opplagstala bekreftar det vi veit av interne tal; vi får stadig nye abonnentar og det er stort engasjement rundt avisa. Det er eit godt utgangspunkt, seier Nydal.

Vil påverke inntektene

– Målet vårt er å halde fram drifta som i dag så lenge det er mogleg. Men i og med at rundt halvparten av avisøkonomien er marknadsinntekter, må vi også vere førebudd på at vi vil tape økonomisk. Uansett er dette forhold vi i liten grad vi kan påverke, vi må berre jobbe hardt og fokusert vidare, seier Nydal.

Avisa tel i dag sju tilsette og har felles marknadsavdeling med Bergensavisen som også er eigd av lokalaviskonsernet Amedia.

Dersom du er interessert i opplagstala og lesaratala til andre aviser finn du dei på nettsida til Mediebedriftenes Landsforbund.

Avisa Nordhordland sine opplagstal siste år:

2019 (2): 5078
2019 (1): 4858
2018 (2): 4947
2018 (1): 4735
2017: 4457
2016: 4672
2015: 4633
2014: 5344



Opplagstal:

Avis Netto totalt andre halvår 2019 20/1 Netto totalt første halvår 2019 19/2 Endring netto opplag 19/2 - 20/1 Papir total andre halvår 2019 20/1 Endring papir totalt 19/2 - 20/1 Digital total andre halvår 2019 20/1 Endring digitalt totalt 19/2 - 20/1 Kun papir andre halvår 2019 20/1 Kun digital andre halvår 2019 20/1 Komplett andre halvår 2019 20/1
Avisa Nordhordland 5078 4858 220 3281 (35) 4937 209 141 1 797 3 140

Lesartal:

Avis PAPIR PC/MAC MOBIL NETTBRETT Eavis DIGITALT TOTAL TOTALT (inkl. PAPIRAVIS) PAPIR/ Eavis
Avisa Nordhordland 10,2 1,7 5,1 0,9 0,4 6,7 14,7 10,4

Kjelde: Mediebedriftenes Landsforbund

Artikkeltags