Stengt tunnel fører til store køar på E39

Fløyfjelltunnelen er stengt grunna ei trafikkulykke.

DEL

Torsdag klokka 0805 vart det meldt om ei påkøyrsle bakfrå i Fløyfjelltunnelen. Tunnelen er no stengt.

Det melder Vest politidistrikt.

Ingen personar skal vere skadde etter ulykka.

Det er opplyst om litt lekkasje frå det eine køyretøyet som er involvert.

Lange køar frå nord

Vegtrafikksentralen skriv at ulykka på E39 vil føre til store køar frå nord.

Klokka 0841 er tunnelen opna opp att.

– Køen står no til Glaskartunnelen, skriv Vegtrafikksentralen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken